Å, kor eg kosar meg i denne byen! Full av fine fotomotiv er den og. Eg ventar på Heidi, så i mellomtida postar eg nokre fleire bilde til dokke. (Eg har fått meg kortlesar, då gjekk eg rundt drivarproblemet, til dokke som hjalp og trøsta meg i påska…)
Ei utsikt i botanisk hage:
Dei slit med å få fart på den variegerte mynten sin i Botanisk. Jaja, noko skal vi vere åleine om å få til på Lindern og…
Fire dagar på same hotellrom, då må eg ha blomar på romet. Ein dansk femtilapp ga eg for desse, vasen er den minste hotellet fann.
Ser ut som du har det kjempefint! Var veldig skuffet over bot. hage i København da jeg var der for en del år siden. Masse skvallerkål, elendig merking, ødelagte og uleselige skilt. Håper de har fått skikk på den nå?
Så fint du koser deg, København er en fin by 😀 Får du snust litt også da?
Ser ut som du har det veldig trivelig! Så fine blomster du har kjøpt! Tenk, bare femti for en flott bukett!
HildeG: No klagar dei mest over ramsløken, den har dei meir eller mindre overalt. Eg vart kasta ut ganske fort, så eg fekk ikkje sett så mykje.
Bipbap: Ja, eg har vore på den obligatoriske turen til Illums og Magasin, har fått prøver på to Juliette has a gun samt den nye Dior Escale à Pondichéry. Slit med å finne andre merke, tenkte å finne Etro og slikt, men har ikkje lukkast.
Ragne: Ja, blomar er nesten gratis her! 😀
Pingback: På bordet « Alt godt