Bakte jordskokkar
Eg eksperimenterer vidare med jordskokk, etter suksessen med jordskokksuppe her for ei stund sidan. Av dei erfaringane eg har gjort meg er at koketida varierer frå skokk til skokk, så og seie. Eg kan ha to jordskokkar av same storleik og plukka på same stad, den eine er mør etter 20 minutts koking, den andre er framleis hard etter 35. Den beste løysinga på dette problemet er etter mitt syn å bake jordskokkane i staden for å koke dei. Eg handterer dei omtrent som båtpoteter, men delar dei litt grovare og mindre systematisk opp, mest fordi skokkane varierer slik i form og storleik. Jordskokkane vart vende i krydder og olje, og lagt i ei langpanne med bakepapir under. Dette bakepapiret sparer mykje vasking. Slike langpanner vert alltid ståande til godt etter middag, og reingjeringa er mykje enklare med bakepapir i botnen enn utan. Krydder-samansetjinga kan du variere etter smak og behag, det eg gjer her er berre eit forslag. Likevel er det nokre råd eg kan gje. Estragon passar ikkje så godt til jordskokk, den …