Month: mai 2009

Noko av det vakraste XII

Denne vesle filmen er laga til Oren Lavie sin song Her morning elegance, som vart gjeven ut på plata The Opposite Side of the Sea. Den rører meg kvar gong eg ser den, vemodig og fin som den er.  No har den blitt brukt i ei bilreklame i USA, og har også vore førebilde for ei reklame eg såg på tv2 her om kvelden, så eg syns dokke fortener å sjå originalen. 

Chili con carne

Her kjem endå ei Heidi-oppskrift, eg er på tur ut i verda, og kjem til å ha begrensa høve til å poste fram til fredag. Så det du ser frå meg denne veka er i hovudsak lagt ut på førehand. Ikkje desto mindre; Heidi lagar Chili con carne, og det gjer eg og rett som det er. Der Heidi brukar buljong brukar eg pils, altså som væske i gryta. Det gjev ein litt annleis, meir «vaksen» smak. Forøvrig er det den einaste varianten av pils eg får i meg, eg har aldri klart å lære meg å like det. Lykke til med chilien!  Alt godt   Denne retten er eigentleg ei bønnegryte med kjøtdeig og ho er aldeles nydeleg. Den er ein del av det texansk-meksikanske kjøkkenet, og dette er billig og mettande mat, særleg om du serverer den med ris til som eg gjer. I Mexico får du den oftast servert utan ris, berre med brød. Gryta er fin å lage dersom du skal lage middag til mange. Det finst mange oppskrifter og her …

Jean-Paul Gaultier: Classique

Nokre dufter likar eg med ein gong, andre må eg gi ein sjanse, la den vekse på meg, vere på huda og samvirke med min kjemi før eg kan finne ut om eg likar den. Jean-Paul Gaultiers stilikon Classique, den første parfymen som kom i den no så kjende torso-flaska, er ei slik duft. Den er ein floral oriental, med roser, mykje sitrus men endå meir krydder og frukt. Eg syns det er vanskeleg å skilje ut notane i denne dufta, men vaniljen er sterkt til stades, saman med stjerneanis. Stjerneanis er vanskeleg å like for meg når den er brukt i parfymer. Eg har lukta på Givenchy sin Rose Damascena, som er ein remake av Very Irresistible. Den har eit distinkt preg av stjerneanis, og gjer meg aller mest kvalm. Og med tida, og etter alle desse sjansane, har eg konkludert med at det gjer Classique meg og. Den er for mykje. For søt, for krydra, for varm, for «tørr», for «klengete». Fullt på linje med Angel, faktisk, sjølv om Angel er om mogeleg …

Sommarfuglar

No er aspargessesongen her for fullt, og dei skyt opp av jorda som små, lillagrøne spyd. I hagen min har fire stykke kome opp, og dei kjem snart til å bli knekt av og spist rett frå bedet. Når ein aspargesplante er ung skal aspargesane skal få stå og gjere rota sterk og skytevillig. Tre år skal det gå frå ein plantar asparges til ein kan byrje å ete av den. Før det skal stilkane få strekke seg fint opp i lufta og blomstre. På den måten samlar den krefter til verkeleg å jobbe hardt dei neste 60 somrane. Ein asparges som får stå og gro heilt til den visnar liknar nesten på dill. Likskapen med planta som heiter aspargesbregne er slåande. Har eg lært deg å lage laksesommarfuglar? Det er ein lettvint måte å lage laks på, som også ser lekker ut.  Den passar perfekt til nykokte, sprø asparges. Så lagar eg gjerne ein hollandes-saus til og, ein smørsaus som er ein klassikar frå det franske kjøkenet. Den finst på pose og, men ikkje …

Meir rabarbra – ein pai denne gongen

Når ein først har kome i siget med slike deilige vårvekstar som vi har i hagen no er det ikkje lett å stoppe. Eg er av den sorten som syns at for mykje av det gode er heilt fantastisk, han eg er gift med vil ha variasjon. Vi prøver å møtast på ein slags middelveg, men denne helga fekk eg viljen min; rabarbrasuppe med krem på fredag og rabarbrapai med vaniljeis på laurdag. Paien eg lagar i dag er ein smuldrepai, ikkje så ulik denne. Den er utan nøtter, og mjølkefri viss du brukar mjølkefri margarin, for eksempel Euroshopper flytande margarin, og droppar vaniljeisen. Kokosis er også veldig godt til, dei variantane eg har sett er mjølkefrie. Eg likar også å tenke at denne paien er ørlite sunnare, sidan eg brukar havregryn i mjølblandinga. Den inneheld iallfall ein god dose kostfiber, og det er vel bra? Denne paien kan også lagast med kvann, eg var lat og gadd ikkje gå ned trappene og hente, men har du kvann så putt ein neve finhakka i paien. …

Søndagsfrukost

Det er noko eige med søndagsfrukostar, då har eg stor glede av å lage noko godt til brødskivene, noko meir og anna enn det vi har til kvardags. Eg ser kva eg har i kjøleskapet, og finn på noko eg trur dei eg bur saman med (eller iallfall eg) vil like.  I dag lagde eg ein saftig og fin eggesalat med kremost, purre og urter. Denne porsjonen er nok til fire brødskiver. Slik gjorde eg det: Eggesalat 2 egg 1 stor ss rømme, avrent naturell yoghurt eller kesam 1 stor ss kremost 1/2 ts tørka dill 1 ts sennep 1 ss finhakka purre 1 ss finhakka urter, t.d. basilikum salt og peppar Kok egga i ti minutt. La dei kolne under rennande vatn. Ha kremost, kesam, urter og sennep i ei skål, og bland det. Smak til med salt og peppar. Skrell egga, og del dei først eine vegen og så andre vegen i ein eggedelar, slik at dei vert hakka. Bland eggehakket i urtekremen. Smak ein gong til om det trengst meir salt. Eg …

Sublime Balkiss (The Different Company)

Sublime Balkiss vart lansert av The Different Company i 2008, og vert beskriven som ein moderne chypre. Som eg har skrive om tidlegare, så er ei chypreduft lagd med mose som ein del av duftnotane. I Sublime Balkiss er det ikkje mosen som gjer dufta til ein chypre, men patchuli, den gamle hippie-ingrediensen som minner om hasjrøyk, etter mitt skjønn. Patchulien som er brukt i Sublime Balkiss er imidlertid av ein heilt annan karakter enn den gode, gamle søtlege. Moderne patchuli er slankare, meir disiplinert og ikkje så påtrengande.  Balkiss er namnet på dronninga av Saba, og dufta er designa av Cèline Ellena, dotter av den kjende parfymøren Jean-Claude Ellena. Ho beskriv sjølv dufta som kjend men overraskande, og eg forstår kva ho meiner. Det overraskande elementet er at den er så full av bær og patchuli utan å vere søt. Både bærnotar og patchuli vert mest brukt i søtlege, varme parfymer, men denne er ingen av delane. Den er tvert imot frisk og vårleg, tiltalande utan å vere påtrengande.  Sublime Balkiss har mange florale notar …

Alt for tidleg?

Eg vart ståande med haka på fruesnippen i går, rabarbraen i bakgården vår blomstrar! Er ikkje det veldig tidleg? Her har du beviset. Rett nok har ikkje knoppen sprunge heilt ut, men det hadde ikkje teke lang tid, hadde den fått stå i fred. I staden fjerna eg to slike stilkar til. Den bør kanskje få litt vatn, det er mogeleg at blomstringa er ein slags panikkreaksjon på at det har vore så tørt i det siste. Men ingenting er så gale at det ei er godt for noko, så vart det rabarbrasuppe til dessert. Rabarbrarettar er ein av dei måtane eg har fått vite at ein kan bruke kvann på. Eg kjøpte nemleg ein søt liten kvannepusling på hagemessa på Tøyen i fjor, og planta den i skuggeveggen, side om side med løpstikka. Der kan dei to stå og sloss om plassen.  Kvann (Angelica archangelica) er toårig, og min plante kjem altså til å bli diger i år. Stilken er hul, og den har ei krydra, aromatisk lukt som vert brukt i parfymar. Dufta …

Fred og ro

Fred og ro har senka seg over meg, spesielt fordi denne vakre dagen er ein fridag. I dag kjem bilda av fredagsblomane mine frå hagen, sidan den står i vakkert flor.  Ruteliljene mine (fritillaria meleagris) har endeleg etablert seg godt. Det er sikkert fire år sidan eg grov dei ned, og det har kome nokre blad og ein blome, men i år ser det verkeleg ut til at dei trivest. Kunsten er altså å vere tolmodig, og ikkje gje opp ein plante fordi om den ikkje gjer så mykje av seg i byrjinga. Er dei ikkje vakre? Vipeegg er eit anna vanleg namn på dei, gjerne på dei kvite. Men eg syns dei rutete er dei mest spennande å sjå på. Men no går eg ut ein runde til; denne gongen med ei bok, solbriller, telefon og honningkaker med smør på. Teen er servert i kopp frå Tivoli; dei er solide, og med pant på, så du kan velje om du leverer den inn att i Tivoli og får nokre slantar tilbake, eller tek den …

Urpoteten – jordskokk

Jordskokk (Helianthus tuberosus) er ein plante i korgplantefamilien, der den til dømes har selskap av ulike typar solsikker. Under jorda derimot, oppfører den seg eigentleg som ein potet, den har knollar som bular ut og veks når dagane vert kortare.  Grunnen til at eg kallar den for urpotet er at den kan brukast på same måte som potet (bortsett frå at den er god rå, det er ikkje poteten) og den kom til Europa før poteten, til Norge kom den fram imot midten av 1600-talet. Jordskokken vart danka ut av den ekte, nye poteten då den kom. Poteten held seg betre, den er lettare å skrelle og du bidreg ikkje til global oppvarming når du et den. Men jordskokken har ein langt meir interessant smak enn poteten har. Mi kjære venninne Ovedia var så lur at ho planta jordskokkar i hagen sin ein gong for lenge sidan. Av ein eller annan grunn planta ho dei side om side med dei fine aspargesplantane sine. Det angrar ho på. Aspargesen får aldri ein lukkeleg dag meir, pressa ned …