Allergi, Billig mat, Noko søtt, Supper, Veggis
Comment 1

Alt for tidleg?

img_6435Eg vart ståande med haka på fruesnippen i går, rabarbraen i bakgården vår blomstrar! Er ikkje det veldig tidleg? Her har du beviset.

Rett nok har ikkje knoppen sprunge heilt ut, men det hadde ikkje teke lang tid, hadde den fått stå i fred. I staden fjerna eg to slike stilkar til.

Den bør kanskje få litt vatn, det er mogeleg at blomstringa er ein slags panikkreaksjon på at det har vore så tørt i det siste.

Men ingenting er så gale at det ei er godt for noko, så vart det rabarbrasuppe til dessert. Rabarbrarettar er ein av dei måtane eg har fått vite at ein kan bruke kvann på.

img_6441Eg kjøpte nemleg ein søt liten kvannepusling på hagemessa på Tøyen i fjor, og planta den i skuggeveggen, side om side med løpstikka. Der kan dei to stå og sloss om plassen. 

Kvann (Angelica archangelica) er toårig, og min plante kjem altså til å bli diger i år.

Stilken er hul, og den har ei krydra, aromatisk lukt som vert brukt i parfymar. Dufta er ein kombinasjon av peppar, musk og “grønt”, om det er forståeleg. Feminité de Bois, Drakkar Noir og Paloma Picasso er parfymar som har kvann blant ingrediensane. Stilkane vert også kandiserte, og i Frankrike kallast dei “bâtons d’Angélique”.

Bortsett frå det reint aromatiske skal den ha viktige medisinske verknader og. Den virkar positivt på humøret, for ikkje å snakke om at den reduserer luft i magen. Så no har vi løysinga: Jordskokksuppe til forrett og dessert med kvann…

Eg tok altså med meg ein kvannestilk, og ein heil del rabarbra, og tilbrakte ettermiddagen på kjøkkenet. Resultatet vart ei deilig dessertsuppe.

Eg hadde i ganske lite kvann, i og med at dette var første gongen eg lagde denne varianten. Suppa smakte nydeleg, og du kan sikkert ha i meir om du likar smaken av kvann. Slik gjorde eg det:

img_6451Rabarbrasuppe med kvann

600 g rensa rabarbra

50 g kvann

200 g sukker

Ein liten bit heil kanel

8 dl vatn

2 strøkne ss maisennamjøl

4 ss vatn

1,5 dl kremfløte til servering

img_6453Fjern det ytste laget av skal på rabarbraen, og skjer stilkane i halvcentimetertjukke skiver. Kvannen går ikkje å skrelle, så den fekk gå i gryta som den var, men i tynne skiver. Slå på vatn og sukker, og ha i kanelbiten. La det heile koke til rabarbraen er mør, ca. 5-10 minutt, på låg varme. Fisk ut kanelbiten.

img_6459Rør saman maisenna og 4 ss vatn, og slå det i suppa. La den få eit raskt oppkok. Trekk suppa av varmen, og la den kolne. Eg likar suppa lunken, ikkje kjøleskapskald. Pisk kremfløten med ei teskei vaniljesukker og litt melis, og server suppa med ein kremklatt til dei som toler mjølk.

 

 

1 Comment

  1. Pilkesus says

    Kva som er høna og egget her skal eg ikkje ha sagt noko om, men eg minnest klårt at denne planta har det storfelte latinske namnet Angelica Archangelica, og det stemmer jo godt med det du skriv: “Stilkane vert også kandiserte, og i Frankrike kallast dei “bâtons d’Angélique”.”
    Mindre klårt hugsar eg at kvann visstnok har vore ein høgt verdsett medisinplante og smakstilsetjing i likørar, og tru om ikkje stadnamnet Kvanndal har særs nær samanheng med planta?

    Meir om kvann finn du til dømes her:
    http://rolv.no/urtemedisin/medisinplanter/ange_arc.htm

Leave a Reply