Fredag
Comments 3

Fred og ro

Fred og ro har senka seg over meg, spesielt fordi denne vakre dagen er ein fridag. I dag kjem bilda av fredagsblomane mine frå hagen, sidan den står i vakkert flor. 

img_6424Ruteliljene mine (fritillaria meleagris) har endeleg etablert seg godt. Det er sikkert fire år sidan eg grov dei ned, og det har kome nokre blad og ein blome, men i år ser det verkeleg ut til at dei trivest.

Kunsten er altså å vere tolmodig, og ikkje gje opp ein plante fordi om den ikkje gjer så mykje av seg i byrjinga. Er dei ikkje vakre?

Vipeegg er eit anna vanleg namn på dei, gjerne på dei kvite. Men eg syns dei rutete er dei mest spennande å sjå på.

img_6433Men no går eg ut ein runde til; denne gongen med ei bok, solbriller, telefon og honningkaker med smør på.

Teen er servert i kopp frå Tivoli; dei er solide, og med pant på, så du kan velje om du leverer den inn att i Tivoli og får nokre slantar tilbake, eller tek den med heim og brukar den som uknuseleg hagetekopp. Eg valde det siste.

God helg til alle som stikk innom! 

This entry was posted in: Fredag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Fred og ro ja .. Skulle ønske jeg ikke hadde tatt på meg ekstra jobbing i dag ( og dobbelt i går), siden det “koster” for kropp og sjel. Skal prøve å ta bedre vare på meg selv resten av helgen.
    God helg til deg også 🙂

  2. Herlig! Så nydelig med langhelg og litt ekstra tid sammen. God helg til deg også 🙂

Leave a Reply