Billig mat, Mat, Middag, Sausar og dippar, Tilbehør, Veggis
Comments 2

Fuglefrø

”Skal vi ha fuglefrø til middag?” Jenta mi lurte storligen då ho såg meg stå med ei steikepanne full av ulike sortar frø. Eg blanda frø som eg rista og strødde over salaten.

Prøv å blande graskarfrø, solsikkekjerner og pinjekjerner. Varm steikepanna opp til det ryk av den, men ikkje ha i feitt. Rist frøa medan du drysser over salt. Graskarfrøa poppar lysteleg i panna, og solsikkefrøa og pinjekjernene får ein pen, brun farge. Pass på at du ikkje brenn dei, dei skal berre så vidt skifte farge.

La frøa kolne på ein tallerken. Lag ein enkel salat med ruccola, issalat og det du måtte ha i kjøleskapet. Dryss frøkjernene over, og skav litt parmesan på. Deilig! Dette kan du bruke som sunt laurdagssnop og. Pappaen påstår det er godt som snacks til øl…

Som du forstår driv eg med tilbehør for tida. I går fekk du greske grønsaker, viss du poppar fuglefrø og har dei i ein sprø salat er dei fleste fornøgde. Då manglar vi berre noko vått til.

Eg har ikkje lyst på tjukke sausar når vi grillar, men ein frisk yoghurtsaus er godt til grillmat. Eg hadde ikkje agurk då vi skulle lage tzatziki i går, så då måtte mor vere kreativ. Pæretzatziki vart den nye oppfinninga, ein sursøt saus med gresk opphav, den og.

Tradisjonell tzatziki skal jo lagast med agurk og mynte, men dei søte pærene passa perfekt til den syrlege yoghurten. Den kan sikkert lagast med eple og, men det har eg ikkje prøvd. Bland det heile raskt i så fall, rive eple vert fort brunt.

Eg brukte matyoghurt frå Tyrkia, den du får kjøpt i literspann i innvandrarbutikkar. Tine har og kome med ein matyoghurt i det siste, sjekk i butikken. Har dei ikkje slik yoghurt så ta ein halvliter vanleg yoghurt og la den renne av i eit kaffifilter oppi ei trakt. Då vert yoghurten fastare, og lettare å ha med å gjere. Viss du gjer det, må du ha ½ liter vanleg yoghurt til denne oppskrifta. Slik gjer du det:

Pæretzatziki

tzatzikiTo faste pærer

3 dl matyoghurt

3 ss hakka dill

3 ss hakka grasløk

Eit halvt fedd kvitløk

Salt, sukker og peppar

Skrell og riv pærene. Ha yoghurten i ein bolle, og bland i dei rivne pærene. Knus kvitløken til den er graut, og ha den i. Bland i urtene. Eg klipte mine urter med saks, først ut av bedet og så over bollen. Det blir mindre svinn når ein sparer turen om fjøla.

Smak tzatzikien til med salt, sukker og peppar. La tzatzikien stå litt mellom kvar tilsmakingsrunde, smakane må få ”sette seg litt” før du veit om den er passe søt, salt og sterk.

Då er det berre å legge kjøtet eller fisken på grillen, og servere familien eller vennane ei gresk stemning. Husk at grilling kan skje inne og. Kjøp ei grillpanne med striper i, så er sommaren der – iallfall innandørs. Pensle kjøtet/fisken med olje, i staden for å fylle panna med olje. La det du steiker ligge såpass lenge at det slepper taket i panna utan at du må rive i det. Ettersteik eventuelt i steikeomnen dersom det trengst, det er til dømes praktisk med store kjøtstykke.

2 Comments

  1. Froe… Det minner meg om ei polsk kake ei venninne av familien laget til oss en gang, mens det fortsatt var kald krig og jeg gikk paa barneskolen. Jeg tror kaka het Makowka eller noe saant, men er litt usikker paa skrivemaaten… Den bestod av et halvt kilo (!!!) valmuefroe, cornflakes og vaniljeis. Og var fryktelig god – uvant, men god. Mamma laget den senere med stort hell, men maatte forhaandsbestille saa stor mengde valmuefroe paa apoteket. De var litt forbloeffa da hun ville ha hele boksen med halvkilo valmuefroe… Kanskje jeg skulle sjekke oppskriftsboka og bakeblogge til sommeren? 😉

  2. Så morsomt! Meine Berliner mutti lagde også ei kake som likna på denne. Den kaltest Mohnkuchen, for valmuefrø heiter Mohnsaat på tysk. Den er nesten heilt svart, ho rørte frøa inn til slutt slik at den fekk eit marmorert preg. No får ein kjøpt store posar valmuefrø i innvandrarbutikkar, så ein slepp å gå på apoteket. Frøa går an å så og, ikkje nokon grunn til å kjøpe frø til alminnelege valmuer.

Leave a Reply