Allergi, Fest, Noko søtt
Comments 5

Kaketips for 17. maifest


På vår skule er det kvart år fjerdeklasseforeldra som lagar 17. mai-fest for skulen og nabolaget. Foreldregruppa vert delt inn i ei teknisk gruppe som riggar og fiksar, ei leikegruppe (enklaste jobben…) som organiserer sekkeløp og limbodansing, lotterigruppa som fiksar gevinstar og lodd, og matgruppa. I tillegg skal alle levere minst ei langpannekake til salg, eller ei tilsvarande mengde muffins eller bollar.

Då eg var i komitéen for første gong i 2006, vart eg spurt om eg kunne sende ut nokre kakeoppskrifter på mail og i ranselpost slik at folk hadde noko å gå ut frå når dei skulle lage sitt bidrag. Det som står nedanfor her er den mailen som eg sende ut. Oppskriftene på kaker å dele tidlegare i bloggen er alle henta frå denne mailen, så eg lenkar til dei lenger nede. 

Nokre syns vel at det å få noko slikt på mail eller i sekken kan vere litt kakepolitiaktig. Det kan vel hende, men dei fleste som fekk det var kjempefornøgde, og for ein gongs skuld fekk vi kakene levert slik at vi kunne organisere salget på ein god måte. Det er ein første gong for alt, også det å levere kake til 17. mai, og då kan det vere greit å ha ei huskeliste å forholde seg til, og ikkje minst kanskje bli motivert av. Vi slapp til dømes å få posar hardtrakka fulle med små knortar av nokre bollar som ikkje hadde heva og som var useljelege.

Så ta det for det dette er; praktiske råd om kakelevering til 17. mai. Mailen har sirkulert før kvar 17. mai og kvar loppemarknad på skulen vår sidan dette, og då eg hadde datakrasj, og mista alt eg hadde av oppskrifter, fekk eg denne mailen i retur frå ei mamma som hadde teke vare på den. Kjekt å ha! 😉

Alt godt

Mange har spurt meg om eg kan kome med forslag til oppskrifter til kakebaking til 17. mai. Det kan eg gjerne, eg har nokre oppskrifter som eg har prøvd ut sjølv, og som eg veit gir eit godt resultat.

Eg syns det er viktig at kakene vi skal selge skal sjå fine ut, og smake godt. Vi gjer dette for å tjene pengar, og folk kjøper meir viss kakene er delikate og gode. Så eg håper at alle legg litt arbeid i dette, og lagar slike kaker som du sjølv kunne tenke deg å kjøpe! Skulle du vere uheldig, og kræsje kaka om morgonen 17. mai så går ikkje verden under for det, vi vil ha med oss forskjellige remedier for å fikse kakekatastrofer på staden.

Vi vil gjerne at du ikkje deler opp kaka viss du bakar langpannekake. Når vi skal selge kakene må alle stykka ha tilnærma samme størrelse, og då er det best at den ikkje er delt på forhånd. Då deler vi opp kaka ved utsalget, slik at alle kakestykka blir like store.

muffins3Vil du lage muffins, så kjøp dei store, amerikanske formene. Vi skal ta samme pris for alle kakene, og då blir små muffins uforholdsmessig dyre for dei som skal kjøpe. Du kan bruke dei oppskriftene du får her til å lage muffins også. Ein porsjon basisrøre gir ca. 20 store muffins. Det same gjer ein pakke langpannemiks. ICA har billige, store muffinsformer.

Lagar du kanelbollar eller vanlege bollar, så lag dei også ganske store, slik at dei er ”verd” 10 kroner. Frakt gjerne muffins og bollar på eit brett eller i ein kurv, slik at dei ikkje blir pressa saman. Lagar du kanelbollar utan perlesukker kan du sende med melisglasur på eit glass med skrulokk, så kan vi legge glasuren på. Ellers blir bollane fort veldig klissete under transport.

Det er også heilt fint om du bakar med kakemiks. Pass på at du kjøper kakemikspakkar som er til langpanne. Toro langpannesjokoladekake (puh!) er mjølkefri. Flytande smør passar fint både til oppskriftene du får her og til kakemiks, for det er lett å bruke. Eg anbefalar flytande Bremykt (gul flaske), det gir ekstra god smak. Lagar du mjølkefrie kaker, er Euroshopper flytande margarin godt egna, den er lagd utan mjølk.

Pass på at ovnen din er varm nok før du set inn kaka. Ovnen må ha hatt samme høge temperatur heile steiketida for at kaka skal vere ferdig. Temperaturen kan også variere frå ovn til ovn.

Sjekk med kakenål eller strikkepinne om kaka er ferdig. Sit det røre igjen på pinnen må kaka stå litt til. Har du ikkje kakenål kan du bruke ein spagettipinne, det går like bra!

Viss du lagar ei kake som egnar seg for allergiske, så merk den særskilt, slik at vi veit om det, og kan tilby slike kaker til dei som spør om det. Det er kjempefint om nokon t.d. lagar ei kake utan mjølk, utan nøtter (sjokolade) eller utan egg.

Det er viktig at vi er reinslige når vi bakar kakene for salg, eigentleg skal dei bakast på ”offentlig godkjent kjøkken”, og det har vel ingen av oss heime trur eg…  Vi vil ikkje ha kaker med fløtekrem, og vask hendene og utstyret ofte medan du held på å bake.

Eg skriv om zestjern eit par plassar i oppskriftene, det er eit reiskap som du brukar for å skjere strimlar av skalet på sitrusfrukter utan å få det kvite med. Det har eit metallstykke med små rundingar eller løkker i, som du skal dra over skalet. Har du det ikkje, så bruk den fine sida på rivjernet ditt i staden. Det går like bra. Har du eit slikt zestjern, og har lurt på kva du skulle bruke det til, så kan du for ein gongs skuld få ”lufta” det!

Dei glasurane som du får oppskrift på her kan du bytte om, eller bruke på muffins. Philadelphia-glasuren frå gulrotkaka er for eksempel kjempegod på brownies, og firkløverglasuren kan brukast på ei sjokoladekake. Pynten kan og varierast, særleg på muffins er det populært med strøssel, non-stop, seigmenn eller anna moro. Du kan også farge kokosmasse med konditorfarge og strø over, det er ei rimeleg og enkel løysing som ser flott ut. Det er berre å prøve seg fram, lykke til!

Mi samling av aktuell mai-kakeoppskrifter 

This entry was posted in: Allergi, Fest, Noko søtt

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Du verden, dette var utrolig praktisk. Noen baker jo veldig sjelden/aldri, så da kommer de helt grunnleggende tipsene til nytte.
    Ser ut som gode kaker!
    Jeg har selv vært med og arrangert litt av hvert hvor folk har levert salgsvarer, og ventet i det lengste med å ta fram de posene med knorteboller som du nevner… Det er på hvetebakst det lettest går galt, er min erfaring. Jeg er nøye med hvem jeg setter ut bolleoppdragene til…
    Ha ei fin helg og en heidundrende god 17. mai!

    Likar

  2. Toro si langpannesjokoladekake (puh) er også glutenfri! 😀 Eg visste ikkje at den var utan melk 🙂

    Dersom ein brukar denne miksen til å lage kake / muffins for slikt salg, kan det vere greit å få det merka med «toro langpannekake». Ikkje «glutenfri / melkefri», da vil ingen ha det 😀 (som du har kommentert i annan post). Den som har allergi vil ganske sikkert forstå hintet 😉

    VELDIG nyttig og god post!

    Likar

  3. Tilbakeping: Maikaker « Alt godt

  4. elsie-ann says

    Alt godt sitt oppskriftshefte er fremdeles i bruk her på St Hanshaugen. Det er genialt, og en velsignelse for oss korpsforeldre som skal bake. Så får mat-komiteen det som de vet er mest egnet for salg. Dette er et grepa kvinnfolk som har laget en standard som bør brukes igjen og igjen av flere enn oss. MVH Elsie-Ann

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s