Fredag
Comment 1

Endeleg fredag

Huskar du desse rosene? Dei kom i hus 30. april. Utruleg nok står dei her framleis. Dei raude har teke kvelden, men dei to kvite er nesten like fine. Nokre veker no, så har dei røtt seg. Det er spirar oppetter stilken i bladfesta, så desse er det verkeleg kraft i. Dei har blitt litt rynkete, eller fått fine linjer, som kosmetikkprodusentane kallar det, men dei har tydelegvis bestemt seg for å ikkje la det gå inn over seg, omtrent som meg.

 Denne veka har besøkstala mine litt overraskande nesten dobla seg, så det kjem tydelegvis mange nye hit, som ikkje er vener og kjende, eller hagegale. Nysgjerrig som eg er, lurer eg på kven alle desse nye folka er. Legg gjerne igjen ei melding om kven du er og korleis du fann fram til meg. Bloggar du sjølv, er du velkomen til å presentere din eigen blogg.

Eg ynskjer alle besøkande i kveld ei god helg, fredeleg vert den gjerne ikkje med MGP, 17. mai og 16. mai for dei som driv med slikt.

Oppdatering: Hagegale, vennar og kjende er sjølvsagt også velkomne til å presentere seg sjølv og eventuelle bloggar! 😉

IMG_6676

 

This entry was posted in: Fredag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. irma says

    jeg fant deg via «velduftende» og hos deg fant jeg mye duft-inspirasjon! så om du ser meg her mange ganger er det nok fordi jeg leter i arkivet ditt 🙂 bor i Bergen og er en voksen student og leser bloggen din også pga matinspirasjon, jeg liker å lage mat men det er enda bedre hvis jeg kan lage noe nytt.

Leave a Reply