All posts filed under: Pavlova

Ein klassisk pavlova

Pavlova er ei enkel kake å lage, og ikkje minst lett å ha som glutenfritt alternativ på festbordet. Dersom du brukar laktosefri fløte kan du også servere den til laktoseintolerante. For meg er dette den ultimate 17. mai-kaka. Eg har også laga den med eplesirup vendt inn, det blir knallgodt. Då får du ein eplepavlova. Eplesirup kjøper du på ein fancy butikk, eller lagar sjølv ved å koke inn 1 liter eplejuice til 1 dl sirup. Marengskake/pavlova 6 eggekviter 300 g sukker 2 ts god eddik, eg brukar kvitvinseddik eller eplecidereddik 1/2 ts salt Pisk eggekvitene stive med eddik og salt. Ha i sukkeret litt etter litt, slik at det vert til ein tjukk og delikat marengs. Teikn to like store sirklar, ca. 22-26 cm, på bakepapir. Bruk ein asjett eller tallerken som mal. Smør marengsmassen utover slik at det vert to jamnt tjukke “kaker”.  Du kan også breie marengsmassen utover som eit flak, i så fall fyller det ei langpanne. Tørk kakebotnen i omnen på 100 grader  med varmluft i 80 minutt.  Legg eine botnen på …

Allergivennleg festbord

For dei som er allergiske er alle dei flotte festborda i mai eit trist syn. Ofte er det ikkje teke omsyn til at enkelte ikkje toler mjølk, mjøl eller nøtter. Eg syns det er god skikk å alltid spørje om det er allergikarar blant gjestane mine. Eg er heller ikkje fan av så voldsom merking av allergivennlege produkt på eit festbord, i allfall ikkje i mindre private selskap der vertskapet kjenner alle gjestane. Gje heller allergikarane eit vennleg hint om kva kaker som er lagde med tanke på dei, og så kan alle forsyne seg fritt. Står det ”allergimat” på ei kake så styrer alle andre unna, heilt utan grunn. Kaker som er allergitilpassa smakar ikkje så veldig annleis enn andre, og ingen allergikarar klarer å setje til livs ei heil kake åleine. Som vertinne er det målet mitt at allergikarane skal kunne spise det aller meste av det som er på bordet. Det er enklast både for dei og for meg. Blåbærpai 4,5 dl glutenfri fin mjølmix 3 ss sukker 150 g mjølkefri margarin …