Billig mat, Heidi, Mat, Middag
Comments 9

Laks, brennesle og eple – sommarmenyen er klar!


No nærmar sommaren seg med stormsteg, og sokkar i skoa har eg forlengst slutta med. Sola skin, og vi er klare for sommarmat. Heidi har som eg vore ute og plukka brennesle, og laga suppe. I tillegg har ho lagd nokre smarte foliepakkar med laks, og ei saftig tysk eplekake. I morgon bloggar eg frå København, det blir spennande å sjå kva byen viser oss denne gongen!

Alt godt

I barndommen brende vi oss ofte på brennesle som stod bak utedoen, fjøset og langs vegkantane og ikkje minst på setra. No når det er mindre dyr både på innmark og utmark og planta har vorte sjeldnare. Dette er truleg fordi all dyremøkka er vekk, og brennesle vil gjerne ha nitrogenhaldig jord.

Likevel det er liten tvil om at planta er verdifull, ho kurerer vårslappheit og har vore mykje brukt i folkemedisinen. Brennesle har høgt innhald av c-vitamin og jern og ho har endåtil blodrensande effekt. Kva meir kan vi ønskje oss! For bønder og andre som har rikeleg tilgang på planta er det eit nisjeprodukt. Dei som driv gardsmat må få  brenneslesuppe og sufflé på menyen. Bruk mi oppskrift på ostesufflé, men bytt osten ut med brennesle og få brenneslesufflé.

Når eg laga denne suppa så brukte eg ca 10 cm av planta målt frå toppen av. Brukar du større del av planta blir stilken gjerne grovare og er ikkje fult så god å ete. Desse fibra har vorte brukt til å veve stoff av. Du kan bruke berre blada, men eg brukte stilken og. Til denne porsjonen brukte eg ca. 80 gram nyplukka brennesle.

Legg nyplukka planter i ein stor balje med vatn og skyll dei godt. Rens ut svarte blad og forvell dei i kokande vatn i 3 minutt for så å ha dei over i kaldt vatn. No når planta er på sitt beste kan du henge opp bukettar til tørk. Dei tørka blada kan du legge på glas og bruke brennesle i supper og gryterettar heile vinteren gjennom.

Brenneslesuppe

2 store ss margarin

3 ss kveitemjøl

1 liter vatn

2 dl kremfløyte

2 ts buljongpulver

Ca 50-80 gram hakka forvella brennesler

Smelt margarinen og strø mjølet over. Tilsett vatn, kremfløyte og buljong. Kok dette under omrøring i ca 8 minutt slik at mjølsmaken forsvinn. Tilsett brenneslene til slutt. Dette er eigentlig utgangspunktet for andre supper og. Vil du bruke hakka forvella skvallerkål er det og ei svært god suppe. Skvallerkål har truleg dei fleste av oss rett rundt hjørnet. Bruk dei unge blada av skvallerkål.

Laks er sommarmat for mange av oss. Her er ei god oppskrift som kan lagast i god tid før gjestane kjem. Lag alt til på førehand og legg pakkane i omnen når gjestane går inn døra.

Laksepakke i aluminiumsfolie

Ca 800 gram laksefilet utan skinn og bein

Ein god smørklatt.

1 sellerirot

2-4 gulrøter

½ purre

2 stk neper

½ brokkoli

Litt tørka estragon

Litt sitronsaft

Salt og pepar.

Du må ha salt og pepar på bordet for det kan lett bli for lite.

Skjer fisken i 4×4 cm og legg nokre terningar på eit stykke aluminiumsfolie saman med ein god smørklatt. Skjer grønsakene i strimler og steik dei på steikepanna i ca 5-8 minutt og strø estragon, sitronsaft, salt og pepar over. Legg litt steikte grønsaker over lakseterningane og pakk folien rundt. Steik laksen i omnen på 180 grader i 20-25 minutt. Server kokte poteter og rømme til.

Litt kake må oss unne oss no om sommaren, og kva er vel betre enn å ete ei eplekake, medan vi venter på at våre eigne eple skal bli modne!

Tysk eplekake med kesam

125 gram margarin

200 gram sukker

3 eggeplommer

2 ½ boks kesam orginal

75 gram semulegryn

2 ss potetmjøl

1 ts vaniljesukker

1 ts bakepulver

4 epler

3 stivpiska eggekviter.

Set omnen på 175 grader. Rør margarin og sukker kvitt og tilsett eggeplommene. Ha i kesam og dei andre tørre ingrediensane. Skrell epla, skjer dei i tynne båtar og bland dei inn i deigen. Vend stivpiska eggekviter inn til slutt. Ha deigen i ei 26 cm rund form og steik kaka på nederste rille i 60 minutt på 175 grader. Legg då eit bakepapir på toppen og steik ho i 15 minutt til. Pass på og vurder sjølv. Kanskje du skal steike ho 10 minutt til dersom ho er svært geléaktig på toppen.

This entry was posted in: Billig mat, Heidi, Mat, Middag

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

9 Comments

  1. Jeg har ofte vært ute og plukket brennesle med mamma for å lage suppe. Det er skikkelig godt! Prøvde det en gang selv, det ble ikke sånn kjempevellykket, men jeg får prøve igjen. Og hvis ikke, kan man jo bruke det i brød, i andre middager, eller tørke de og bruke som te eller krydder. Mmmmm. Også så sunt!

    Likar

  2. Forresten bør det vel nevnes at man må plukke neslen før den får spirer på toppen. Det hari hvert fall mamma sagt! 😉

    Likar

  3. Jeg er så imponert over all matlaging og hagearbeid. For ikke å snakke om kreativ matlaging. (min minst kreative side) Synes ikke jeg har tid, men jeg kan vel ikke ha så mye mindre tid enn andre. Så LAT er sikkert nærmere sannheten 😀 Bare si fra hvis dere trenger brennesle, for det har jeg iallefall. Og den andre typen ugrass – kål et eller annet 😀

    Likar

  4. Ragne: Du har heilt rett. Når den byrjar danne blomst på toppen skal den ikkje brukast. Men du kan klippe den ned, så skyt den på nytt, og dei blada kan du bruke. 😉

    Bipbap: Det er nok enkelte ting som vert nedprioritert hos meg. Eg støvsugar sjeldan…

    Likar

  5. hajal says

    Brenneneslesuppe er noko av de beste eg veit, god smak og næringsrik.

    Likar

  6. Takk for fristende oppskrifter. Jeg håper det er greit at jeg la en link fra denne posten i en kommentar på min egen blogg. Jeg har skrevet litt om å bruke brennesler m.m. og syntes det var fint å kunne lede leserne til flere muligheter. Men jeg sletter den så klart, hvis du vil 🙂

    Likar

  7. Tilbakeping: Brennesle i hagen « Alt godt

  8. Tilbakeping: Søndagsmiddag « hildegoghagen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s