Månad: mai 2010

Fjortis-mamma-dialog


Tre fjortisar har akkurat komt heim frå skumparty, og går rett på loftet. Tekstmelding frå fjortis til mamma: Si nei. Mamma: ??? Fjortis ropar ned frå loftet: Er det greit at vi stikker på McDonalds og spiser? Mamma: Nei, kvifor skal dokke det, det er jo mat her, og eg har varma den til dokke. Fjortis: OK! Tre fjortisar buldrar ned frå loftet og et digre porsjonar med sommarskinke med poteter, brokkoli og grasløksaus. Er dei ikkje søte?

Lolita Lempicka: Si Lolita


Glasmagasinet har fått inn Lolita Lempicka si nyaste duft: Si Lolita. Trass i det dustete namnet er denne dufta retta mot ein «vaksnare» marknad enn dei øvrige Lempicka-duftene, og det forstår eg. Det er ei krydra floral duft, som byrjar med eit hint av sødme, men som ikkje er overveldande. Det friske i den kan vere frå nellik, ein av notane som er kamuflert som gillyflower. Det kan også vere frå det dei kallar elemi, ein type gummiaktig kvae frå Filippinene som skal ha ein grøn aroma med sitrus- og korianderpreg. Go figure. Midtvegs er det ein note som plagar meg litt, eg veit ikkje kva for ein det er. Eg trudde først at det var fiol i den, men det er det ikkje. Etterkvart vert den kjølegare, meir balansert og tonkapreget som eg kjente litt av i opninga er borte. Eg likar den betre på slutten enn i byrjinga, dei siste timane minner den meg om Omnia Amethyste. Ikkje note for note, men det kjølege, elegante preget har dei til felles.

Heimelaga rekesalat til frukost?


Heimelaga rekesalat er kjempegodt, og fint å ta med til ein 17. mai-frukost eller brunchbuffet. Denne er så rask å lage at du like gjerne kan lage den om morgonen når du skal servere den. Skal du avgarde tidleg kan du for eksempel hakke ferdig løk og reddikar, og så blande alt saman rett før servering. Grunnen til det er at det er løk i den, og det gjer at den fort vert øydelagd. Fersk smakar den nydeleg. Slik gjer du det: Heimelaga rekesalat 200 g reker 2 ss majones 2 ss yoghurt 4 reddikar 2 ss finhakka løk (kan byttast ut med vårløk, grasløk eller toppløk) Salt og peppar Skjer stilkfestet bort på reddikane, og finhakk dei. Brukar du reker i lake, så la dei renne av godt, og skyll dei gjerne forsiktig og. Dei kan bli i overkant syrlege. Bland saman majones, yoghurt, reddikar og finhakka løk. Vend inn rekene, og smak til med salt og peppar. Har du urter så kan du godt finhakke litt og blande i. Både persille, grasløk og dill …

Hagefredag


Vel, det kan hende overskrifta lovar for mykje, men dei vakre fredagsblomane mine har eg iallfall plukka i hagen. Eg var på veg til min lokale blomsterbutikk då klarsynet brått slo ned i meg. Eg har jo hagen full! Så eg tok med meg saksa og gjekk ut og fann dei flottaste tulipanane. Er dei ikkje lekre? Denne helga er det mykje som skjer, så det gjeld å slappe av når ein kan. Spar føtene på 17. mai, og ikkje kast deg uti meir enn du har lyst til. Ha ein fortsatt fin fredag og ei deilig, lang helg!

Fleire heltar


Her er ein til; Bruce Springsteen. Dette er frå det siste albumet hans, Working on a dream. Eg syns den er fin, og det er ei «vaksen» plate. Det skulle forsåvidt berre mangle, mannen er berre åtte år yngre enn pappaen min. Bruce skriv fine tekstar, og det han leverer er prega av levd liv og sterke kjensler. Og så syns eg han er søt som har dama si i bandet. Og for ei dame!

I vakre mai


Solveig inspirerte meg til å finne fram denne vakre sangen frå Schumanns Dichterliebe. Teksten, som du finn inne hos Solveig, er skriven av Heinrich Heine. Så får vi sjå om jenta vel tysk.

Posjerte egg


Posjerte egg hadde eg lenge stor respekt for, det var noko som kokkar dreiv på med. Å posjere eit egg betyr å koke det utan skal. Men etter kvart har eg funne ut at det går an for oss dødelege og å få til, dersom ein kan posjeringsreglane. No kan jo du og få lære korleis du gjer det. Posjeringsreglane 1. Bruk ferske egg. Dess ferskare dei er, dess meir av kvita ligg tett inntil plommen, og det posjerte egget vert større. 2. Ha eddik og salt i vatnet. Det er ikkje så veldig viktig for sjølve posjeringa, men det gir god smak. 3. La vatnet koke opp, og så stilne. 4. Rør rundt i vatnet slik at det blir ein malstrøm i midten. 5. Knekk egget i ein kopp, og hell det ned i malstrømmen. 6. La det trekke i fire minutt, og fisk det opp med ei holsleiv. 7. server på toast, som tilbehør til ei lekker suppe eller med hollandaise. Mmm… Lett, ikkje sant?

Ein gammal helt


Peter Gabriel er ein av mine gamle heltar, eg såg og høyrde han på Kalvøya, og tok på han då han rulla seg ut i publikum. Eg prøver å få barna mine til å like han, men det er altså noko av det einaste dei ber meg slå av når vi køyrer avgarde på langtur. Eg forstår ikkje kvifor, for det er noko med denne mannen, stemma og uttrykket som rører meg veldig. Secret world kom første gong ut på albumet Us i 1992, men vart presentert på nytt på ein live-dvd, Secret World Live som vart utgitt i 1996. Denne snutten er henta derfrå. Finn du dvd-en så kjøp den. Det er ein fantastisk Grammy-premiert produksjon, med mellom anna Slegdehammer, Don’t give up og Solsbury Hill. What’s not to like? I stood in this sunsheltered place «Til I could see the face behind the face All that had gone before had left no trace Down by the railway siding In our secret world, we were colliding All the places we were hiding love What was …

Hagelykke


Det varmar i sjela, å gå rundt i hagen, sjå på kaoset og desse vakre vipeegga. Ruteliljer er det og mange som kallar dei, og det kan eg forstå. Det botaniske namnet er frittilaria meleagris. Har du først fått dei til å trivast i hagen din så har du dei der. Då eg byrja med hage var desse noko av det første eg bestemte meg for å prøve å få til. Dei klarer seg godt i skugge, og stiller ikkje store krav til stell og omsorg. (Og den kan jo vere litt variabel her i huset…) Litt gjødsel er ikkje dumt, det gjev den meir lyst til å blomstre neste år. Viss du ser godt etter er det ein plante med lysegule blomar bak desse. Dei kjem i to variantar, og eg trur det er litt tilfeldig om ein får den eine eller den andre. Dei lysegule har ikkje rutemønster, naturleg nok, dei er einsfarga. Dette er også ein av Tage Andersen sine blomefavorittar, i boka «Buketter i en frodig periode» vert den også brukt …

Dagens gull


Her ser du dagens gull, som har kome i hus med bestemortransport frå vest til aust. Ein slik kveil varer lenge, vi skjer den i tynne, tynne skiver og nyt på brødskiver med godt smør. Dei lausslupne har til og med eit lag majones under môren. Smaken er heimafrå, det er ingenting meir å seie om det. Den liknar ikkje på fårepølse, har ingenting med salami å gjere, og kan heller ikkje samanliknast med dei ferdigkutta tjukke skivene ein får kjøpt i velassorterte butikkar. Dette er ein heilt eigen kultur og smak som du må oppleve for å forstå. Alle som har smakt både turr og rå môr blir blanke i augene når dei snakkar om det. Slik er det berre. Stikk innom, så skal du få ei skjeve med môr på. (Uttalast med lang å.)

Slå deg vrang!


Folk er så forskjellige når det kjem til det med å klage på ting. Eg syns det er kjempeflaut å klage på mat på restaurantar og slikt, det skal mykje til for at eg fortel det til betjeninga viss eg er misnøgd. Men når det gjeld ting eg kjøper i butikkar syns eg det er lettare, av ein eller annan grunn. Her om dagen kjøpte eg den nye Freia Premium med pasjonsfrukt. då eg opna den vart eg skuffa, den hadde eit tydeleg kvitt belegg rundt det heile. Eg sende ein mail til den avdelinga hos Kraft foods som har med freia-sjokoladar å gjere, og fortalde at eg var misnøgd. Her om dagen kom det pakkelapp til meg. Frå Freia får eg eit assortert utval av sjokoladar, dessertar og nokre oppskriftsbrosjyrer. Dei beklagde feilen, takka for at eg sa frå, og dei sa også at slike tilbakemeldingar er viktige slik at dei kan avdekke feil i produksjons- og distribusjonsrutiner. Det gjorde meg atskillig mildare stemt, og eg har nikosa meg med dei milde gåvene. Så …

Vårens vakraste kaos


Eg har ved fleire høve understreka kor glad eg er i byen eg bur i. Nokre dagar burde den likevel kome med bruksanvisning. Denne dagen, altså holmenkollstafettlaurdagen, er det nokre hovudreglar som gjeld: 1. Styr unna sentrum. Det er fullt av folk i grilldressar og tights, og dei blir berre fleire utover dagen. Når klokka nærmar seg fem blir dei fulle og. 2. Gå forsiktig av og på trikk, buss og bane. Folka i grilldress er ikkje alltid sikre på kvar dei skal, dei snur i døra, ropar til lagkameratane sine og ombestemmer seg i fart. 3. Hadde du tenkt å sykle så dropp det. Grilldressfolka virrar frå side til side, dei går rett ut i vegen utan å sjå seg for, og du risikerer å ha ein overvektig mann i løpeshorts fast i eikane før du veit ordet av det. 4. Unngå Bislett, Josefines gate, Skovveien, St.Hanshaugen, delar av Majorstua og Frogner. 5. Bil kan du berre droppe viss du skal vest for Alexander Kiellands plass. Ring tre virkar. 6. Om kvelden er det …

Kommunikasjonssynsing og andre gullkorn


Mi venninne og på ein måte tidlegare kollega Hilde har byrja å blogge. Hilde er eit av dei mest kultiverte og påleste menneska eg veit om. Det ho ikkje kan om norsk komposisjonsmusikk frå 1900-talet og fram til i dag er ikkje verd å vite. Bloggen hennar handlar ikkje berre om musikk, tvert imot skriv ho reflektert og velformulert om mange ting. Ho skriv om å vere farmor, om reiser ho gjer og om ting som opptek henne elles. Stikk innom bloggen hennar, den er verd eit besøk.

Hvis du vil


Dette vakre diktet vil eg gjerne dele med dokke denne fredagen. Planen for helga er å gjere minst mogeleg, einaste plikta som ligg på meg er å lage ein stor porsjon med mjølkefri sjokolademousse i morgon, og møte opp pynta og fin i ein konfirmasjon på søndag. Det skal eg klare, festen byrjar klokka to. Eg ynskjer dokke alle ei fredeleg helg, og takkar Rolf Jacobsen for det fine diktet. HVIS DU VIL Har du varme nok? Du har. Søvnen, tankene er gitt deg gratis. Men varmen i deg må du gi og gi igjen. Også du kan si et ord om glede. Du har en hånd varm, hvis du vil. Rolf Jacobsen

Nøttestang


Då eg tenkte ut namnet på denne deilige kveitestanga kom eg plutseleg til å tenke: Var det ikkje ein sjokolade som heitte Nøttestang? Men etter litt googling har eg funne ut at det var mandelstang den heitte. Iallfall, her får du oppskrift på ei nydeleg gjærkake til kaffen eller teen. Perfekt å servere med melis på søndag ettermiddag. Eg hadde honningrista peanøtter og pistasjnøtter, og den kombinasjonen vart kjempegod. Du kan bruke både hasselnøtter, valnøtter eller mandlar, eller pinjekjerner, viss du skal lage den til nokon med nøtteallergi. Slik lagar du den: Nøttestang 150 gram smør 2 dl mjølk 50 gram gjær 4 ss sukker 1 egg ca 400 gram kveitemjøl Fyll: 100 gram smør 1 dl sukker 2 ts vaniljesukker 50 gram hakka honningrista peanøtter 50 gram pistasjnøtter Smelt smør og ha i mjølka og varm dette til 37 grader. Rør gjæra ut i væska. Tilsett sukker og egg. Ha i kveitemjølet til slutt, og lag ein deig som ikkje er for laus men heller ikkje for fast. Hev deigen i 40 minutt under …

Det blomstrar!


Eg har akkurat kome heim etter to dagar i Sandefjord, sårføtt, glad og inspirert. Sårføtt på grunn av dansing, sjølvsagt. I Sandefjord har magnoliaene kome lenger enn her, denne står utanfor Park hotell.

Eg blir prisa!


To prisar har eg fått i det siste, både Mitt snitt og Hagen på hytta har fortalt at dei likar bloggen min. Sånt gjer meg så glad! Med prisen følgjer det to plikter; å peike ut sju nye prismottakarar og å dele sju meir eller mindre interessante faktaopplysningar om seg sjølv. Eg har hatt oppgåva før, så det kan hende det kjem gamalt nytt her, men ha tol med meg. Her får du fakta: 1. Eg har ikkje fot for fantasy i det heile. Eg har aldri sett meir enn to minutt av Ringenes herre-filmar, Starwars eller liknande. Eg har verkeleg prøvd, sorry. 2. Eg elskar mac, skreiv på min første i 1988. Fekk pc i min første jobb i 1992 og heldt på å døy av frustrasjon. 3. Eg manglar anlegg for religiøsitet. For meg hamnar det i same kategori som fantasy, totalt uinteressant. 4. Eg kan høyre same musikk fleire gongar utan å bli lei. Dei rundt meg, derimot… 5. Gode filmar kan eg gjerne sjå omatt, men eg ser aldri omatt ein …

Suksessterte


Her er den siste stjerna du får presentert frå kaffebordet i fjortenåringen sin konfirmasjon: suksessterte. Den passar namnet sitt, den er alltid ettertrakta på kakebordet. Utfordringa ligg i kremen, den er det nokre som ikkje får til. Det er ikkje så rart, det er ein emulsjon som kan skilje seg, og vert det ikkje varmt nok så vert den ikkje fast heller. Trikset er å vere modig, og la eggeplommeblandinga verte litt varmare enn du trur den skal. Den skal boble litt, men det er heilt avgjerande at du rører heile tida, elles blir det eggerøre. Den bør også kolne før du piskar i smøret, og smøret skal vere romtemperert. Smør held seg godt nokre dagar på benken, så det er ingen grunn til å legge dette smøret i kjøleskapet. Eit anna husmortriks eg har lært er å ha litt maisenna i sukkeret. Eg har ikkje prøvd det, men det er jo verd eit forsøk. Slik vart suksessterta bakt: Suksessterte 5 eggekviter 200 gram melis 200 gram mandlar Krem: 5 eggeplommer 1 ¼ dl kremfløyte …

Ein fin søndag


Eg tilbrakte søndagen i Botanisk hage, i godt selskap og med kamera. Men først knipsa eg denne i min eigen hage, er den ikkje fin? Seinare fann vi blomstrande blodrot i botanisk. Fin, denne og! Magnoliaene har ikkje blomstra enno, neste helg tenker eg dei står i fullt flor. Då bør du legge turen innom viss du er i byen! I mellomtida kan du jo geriljahage litt? 1. mai var den store geriljahagedagen, men då var eg så inne i konfirmasjonståka at eg ikkje fekk blogga om det. Men gå i gang, grav ned påskeliljeløkar frå i vinter, dytt solsikkefrø ned i grøftekantar og plant ein heuchera-avleggar der ein minst skulle vente det. Lykke til med geriljahaginga!

Kvæfjordkake


Kvæfjordkake måtte stå på konfirmasjonen, viss ikkje ville opptil fleire av gjestane bli misfornøgde. Slik vart den lagd: Kvæfjordkake 100 g smør 120 g sukker 4 stk eggeplommer 3 ss mjølk 160 g kveitemjøl 1 ts bakepulver 1 ts vaniljesukker Marengs: 4 eggekviter 200 g sukker 100 g mandelspon Fyll: 3 dl kremfløyte Vaniljekrem eller romfyll Rør smør og sukker kvitt, ha i eggeplommer og mjølk. Sikt saman mjøl, bakepulver og vaniljesukker og rør det godt inn i deigen. Kle ei stor langpanne med bakepapir og fordel deigen utover i et tynt lag. Stivpisk eggekvitene og ha i sukkeret. Pisk vidare til alt sukkeret er løyst opp. Hell marengsen over røra i langpanna. Strø 100 g mandelspon (hakka mandlar) over det heile. Steik kaka ved 180 grader til marengsen er stiv og har fått ein gyllen farge. Avkjøl. Piske fløyten stiv og vend inn vaniljekrem. Del kaka i to og legg kremen mellom flaka.

Pannacotta, vulkangelé og bondepiker


Pannacotta er mor sin favoritt, det blir liksom aldri feil. Dessutan er den enkel å variere, og det blir aldri mislykka. Eg likar den ganske mjuk, ikkje for stiv av gelatin. Denne oppskrifta er stor, det vart sikkert nærare 40 enkeltporsjonar. Slik gjorde eg det: Pannacotta med skogsbærsaus 3 liter fløte, eg brukte kokefast 20% fløte 1/2 liter naturell biola yoghurt 2 dl sukker 2 kanelstenger 2 ts vaniljesukker med ekte vanilje 10 plater gelatin Til sausen: 8 dl skogsbær 2 dl vatn 2 dl sukker 1 ss maisenna Kok opp fløten med biola, kanelstenger og vanilje. La det stå og trekke ein snau halvtime. Bløyt gelatinen i ei skål med vatn. Kryst vatnet ut av gelatinplatene og ha dei i fløtemassen medan du rører godt. Ha massen i eit litermål eller ei mugge, då vert det lettare å fordele i porsjonsglas. La pannacottaen stivne i kjøleskap. Saus: Kok opp bæra med vatn og sukker. Bland ut maisennaen i litt vatn og ha i den kokande sausen medan du rører godt. La kolne. Hell over …