Heimelaga rekesalat er kjempegodt, og fint å ta med til ein 17. mai-frukost eller brunchbuffet.
Denne er så rask å lage at du like gjerne kan lage den om morgonen når du skal servere den. Skal du avgarde tidleg kan du for eksempel hakke ferdig løk og reddikar, og så blande alt saman rett før servering. Grunnen til det er at det er løk i den, og det gjer at den fort vert øydelagd. Fersk smakar den nydeleg. Slik gjer du det:
200 g reker
2 ss majones
2 ss yoghurt
4 reddikar
2 ss finhakka løk (kan byttast ut med vårløk, grasløk eller toppløk)
Salt og peppar
Skjer stilkfestet bort på reddikane, og finhakk dei. Brukar du reker i lake, så la dei renne av godt, og skyll dei gjerne forsiktig og. Dei kan bli i overkant syrlege.
Bland saman majones, yoghurt, reddikar og finhakka løk. Vend inn rekene, og smak til med salt og peppar.
Har du urter så kan du godt finhakke litt og blande i. Både persille, grasløk og dill passar godt.
Server på toast.
Mmmm, nammenamme! Dette må forsøkes, når jeg får tid! 🙂
Det der så langt fra uspiselig ut, ja. Og så lettvint! Må forsøkes ved høve.