Frustrasjonar, Livet
Leave a Comment

Vårens vakraste kaos

Eg har ved fleire høve understreka kor glad eg er i byen eg bur i. Nokre dagar burde den likevel kome med bruksanvisning. Denne dagen, altså holmenkollstafettlaurdagen, er det nokre hovudreglar som gjeld:

1. Styr unna sentrum. Det er fullt av folk i grilldressar og tights, og dei blir berre fleire utover dagen. Når klokka nærmar seg fem blir dei fulle og.

2. Gå forsiktig av og på trikk, buss og bane. Folka i grilldress er ikkje alltid sikre på kvar dei skal, dei snur i døra, ropar til lagkameratane sine og ombestemmer seg i fart.

3. Hadde du tenkt å sykle så dropp det. Grilldressfolka virrar frå side til side, dei går rett ut i vegen utan å sjå seg for, og du risikerer å ha ein overvektig mann i løpeshorts fast i eikane før du veit ordet av det.

4. Unngå Bislett, Josefines gate, Skovveien, St.Hanshaugen, delar av Majorstua og Frogner.

5. Bil kan du berre droppe viss du skal vest for Alexander Kiellands plass. Ring tre virkar.

6. Om kvelden er det beste tipset å lage eit diskret lite selskap heime hos deg sjølv. Å gå ut på byen er rein idioti, alle restaurantar er fulle og det er gjestane og.

Same type bruksanvisning kan lagast for den laurdagen då Grete Waitz-løpet går, Sentrumsløpet og for ikkje å snakke om Norway Cup. Den veka prøver eg alltid å ha ferie ein annan plass enn i den koselege heimbyen min. Velkommen til Oslo  – ei anna helg! 🙂

This entry was posted in: Frustrasjonar, Livet

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply