Frustrasjonar, Livet
Comments 3

Slå deg vrang!


Folk er så forskjellige når det kjem til det med å klage på ting. Eg syns det er kjempeflaut å klage på mat på restaurantar og slikt, det skal mykje til for at eg fortel det til betjeninga viss eg er misnøgd. Men når det gjeld ting eg kjøper i butikkar syns eg det er lettare, av ein eller annan grunn.

Her om dagen kjøpte eg den nye Freia Premium med pasjonsfrukt. då eg opna den vart eg skuffa, den hadde eit tydeleg kvitt belegg rundt det heile. Eg sende ein mail til den avdelinga hos Kraft foods som har med freia-sjokoladar å gjere, og fortalde at eg var misnøgd.

Her om dagen kom det pakkelapp til meg. Frå Freia får eg eit assortert utval av sjokoladar, dessertar og nokre oppskriftsbrosjyrer. Dei beklagde feilen, takka for at eg sa frå, og dei sa også at slike tilbakemeldingar er viktige slik at dei kan avdekke feil i produksjons- og distribusjonsrutiner. Det gjorde meg atskillig mildare stemt, og eg har nikosa meg med dei milde gåvene.

Så moralen er: sei ifrå. Produsentane treng kundar som seier ifrå, ikkje berre kundar som hiv vara og kjøper noko anna neste gong. Det vert dei ikkje betre av. I tillegg får du sikkert ei hyggeleg overrasking i posten. Typisk vinn-vinn-situasjon!

This entry was posted in: Frustrasjonar, Livet

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Heilt einig! Dei fleste ønskjer, og har godt av, tilbakemeldingar. Her i huset vert eg sendt på slike oppdrag «fordi eg likar det». Det gjer eg ikkje, men likar mindre å site at med eit dårleg produkt.
    Sjokoladen fortente du!

    Likar

  2. Absolutt bør vi si ifra, slik er vi med på å heve nivået 🙂 etter år i restaurant, har jeg lite problemer med å si ifra om mat ikke er bra – bare man er saklig, går det fint. Det er ikke personlig – hverken fra min side eller fra produsentens side 🙂 Men man skal helst ha en virkelig sak, og ikke klage for alt .. der finnes de som det gjør også. Du var jo kjempesmart som klaga direkte til produsent, da fikk du milde gaver, ja! Jeg hadde vel bare tatt den med i butikken og bedt om en ny 🙂 kos deg med sjokkis!

    Likar

  3. hei, hei- jeg ville bare sette igjen et lite spor og samtidig si , her er jeg 🙂 Håper du vil titte innom meg:)
    L.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s