Musikk
Comments 4

I vakre mai

Solveig inspirerte meg til å finne fram denne vakre sangen frå Schumanns Dichterliebe. Teksten, som du finn inne hos Solveig, er skriven av Heinrich Heine. Så får vi sjå om jenta vel tysk.

This entry was posted in: Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Ho ligg under eit visst press, ja. Opp til fleire av lærarane på barneskulen har, i følgje henne, sagt at dei aldri har hatt bruk for å kunne tysk. Kva veit ein om framtida hennar? Kanskje ho kjem til å studere i tyskland, kanskje reiser ho til Sør-Amerika, kven veit. Det vi veit er at i ungdomsskulen er spanskgruppene dobbelt så store som tyskgruppene t.d. Det året eg hadde tent å velje fransk, søkte fransklæraren permisjon. Det vart maskinskriving i staden, veldig nyttig – den tida. Konklusjon: Ho får velje sjølv og stå for det!

  2. Man får nok velge selv, ja. Og bra er det – så kanskje man faktisk LÆRER det man velger. I min tid var opplegget helt bak mål. Vi hadde to år med tysk på realskolen og to år med fransk på gymnaset. Resultatet er at det eneste språket jeg kan utenom norsk, er engelsk. Fire år med tysk (eller fransk) hadde nok vært adskillig bedre. Jeg skjønner mye tysk, men sliter med å få sagt noe. Fransken er fullstendig verdiløs.

  3. Eg hadde fire år tysk. Eg kunne nok mange gloser og mykje grammatikk. Men snakking vart det nok øvd lite på. Grunnlaget er nok bra om ein vart dumpa ein plass og måtte snakke tysk.

  4. Tysk har hatt stor tilbakegang, og det heng nok saman med at språket konkurrerer med spansk, som er populært både som feriespråk og pga utbreiinga i Latin-Amerika. Eg har hatt stor glede av tysken min, eg jobba ein kort periode i Berlin, og har «sosial familie» der. Men eg har alltid hatt lyst til å lære fransk. Datra mi byrja med spansk i 5. klasse, og hadde det ut 7. klasse. I 8. byrja ho med fransk, og likar det veldig godt. Ho hevdar at tysk er så lett at ho kan lære seg det sjølv…

    Vi satsar på at ho får praktisert språka så mykje som mogeleg. Vi har vore i Spania, og ho får ei fransk jente på besøk i sommar, og vi har vore i (og skal til) frankrike på ferie. På den måten vonar eg ho klarer å halde begge språka ved like. No reiser ein mykje meir enn før, så sjansane for å praktisere språka ein kan er betre enn før.

Leave a Reply