Dette vakre diktet vil eg gjerne dele med dokke denne fredagen. Planen for helga er å gjere minst mogeleg, einaste plikta som ligg på meg er å lage ein stor porsjon med mjølkefri sjokolademousse i morgon, og møte opp pynta og fin i ein konfirmasjon på søndag. Det skal eg klare, festen byrjar klokka to.
Eg ynskjer dokke alle ei fredeleg helg, og takkar Rolf Jacobsen for det fine diktet.
HVIS DU VIL
Har du varme
nok?
Du har.
Søvnen, tankene
er gitt deg gratis.
Men varmen i deg
må du gi
og gi igjen.
Også du kan si et ord om glede.
Du har en hånd
varm,
hvis du vil.
Rolf Jacobsen
for et vakkert dikt 🙂
hvis du vil følge meg på min vei , så vil jeg bli glad om du titter innom og legger igjen et spor. Jeg rekker deg handa mi 🙂
http://fingernijordaogbladetframunnen.blogspot.com/
L.
Eg skriv eksamensoppgåve om Jacobsen akkurat no. Byens Metafysikk som eit modernistisk dikt. Diverre har eg ikkje mykje mogelegheit til å setje meg inn i resten av forfattarskapen(/et ?) hans.
Dette diktet er også modernistisk, forresten.