Frustrasjonar
Comments 3

Avbefaling


Elleveåringen ville på kino i dag, og hadde gjort alt klart, eg lånte han berre visakortet.

Eg ante fred og ingen fare, og lente meg roleg tilbake i stolen på Saga kino. Er filmen dårleg kan eg jo alltids duppe av litt, tenkte eg. Så feil kan ein ta. Dette er ein avskyeleg film, med masse grov  vald og drap, tildels utøvd av barn!

Maken til våpenfetisjisme og voldsestetikk er det lenge sidan eg har sett. Det er mogeleg eg er for kjenslevar, men eg får meg ikkje til å le av når folk blir drept (slik resten av salen gjorde). Morda er også på ei lang rekke ansiktslause personar, alle involvert i mafia- og narkotikaverksemd rett nok, men likevel. Eg får kjensla av å vere inne i eit dataspel der det er om å gjere å drepe så mange som mogeleg rundt kvart eit hjørne med blinkande lys og sakte rørsler.

Så viss nevøen din eller andre barn du kjenner spør om dokke kan sjå Kick Ass saman, så finles avisannonsene etter alternativ. Dette er spekulativt søppel.

This entry was posted in: Frustrasjonar

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Det kunne eg ha fortald deg :p Eg trur Kick Ass er ein film ein må sjå på med ein enorm dose humor, gjerne med god kjennskap til den type filmar frå før av.

    Mamma leid seg gjennom Matrix 3 saman med meg då eg var på den alderen, film i litt same typen sjanger berre mykje mykje mykje meir sci-fi og heilt meiningslaust om du ikkje har sett dei to andre. Så eg forstår kva du meiner.

    Likar

  2. Jeg har nettopp sett Kick-Ass, og elsket den – men jeg tror det har veldig mye med forventninger å gjøre. Kick-Ass er helt åpenbart laget av nerder som refererer hemningsløst til alt av superheltfilmer som er laget, og så forsøker å ta den tre skritt lengre i alle retninger. Tenk på det som en tegneserie, ikke som noe som har noe med virkeligheten å gjøre.

    Når det er sagt tror jeg ikke det er en film for elleveåringer, den har femtenårsgrense (og det burde nok vært 18).

    Likar

  3. Ja, eg hadde jo ei kjensle av at eg ikkje var i målgruppa… Men 15-årsgrense fungerer slik at 11-åringar kan gå med foreldre, og det var vel aller mest det eg avbefalar, for foreldra (og 11-åringane) sin del. 🙂 Eg er heilt enig med deg, det burde ha vore 18. Men det er alltid vanskeleg med slike filmar som har ein «barnsleg» estetikk, dei tiltrekker seg yngre barn og.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s