Fredag, Grønt
Comments 6

Fin fredag

No er det roleg i huset, blomane står på bordet og middagsplanane er klare.

Det blir ei aktiv helg, i kveld får eg vonaleg besøk, og i morgon skal elleveåringen og eg på Grand Prix – i salen! Eg har snakka med folk som var der på torsdag, og dei fortel at det  var kjempestemning. Så det gler vi oss til, sjølv om øyrepropper visstnok er obligatorisk for å beskytte seg mot dei sure tonane til han frå Israel.

Søndag blir det litt forsinka bursdagsfeiring, så eg må vel lage noko god mat, tenker eg. Akkurat no er eg tom for idéar, men eg finn vel på noko, iallfall når eg kjem i butikken.

Og så trur eg neste veke blir ei fin veke. Det er litt lysare stemning i heimen no enn det var ei periode. 🙂 Eg ynskjer alle som stikk innom ei fredeleg helg, med eller utan Grand Prix!

This entry was posted in: Fredag, Grønt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. Å, så spennende! I salen! Ha ei vakker helg og fortell, fortell etterpå 🙂

  2. Takk! Ja, eg skal fortelje. 😉 Det er gerbera, direkte frå Mester Grønn.

  3. Fredager er aller aller best. Hele helga foran 🙂
    God helg til deg – og takk for trivelig kommentar inne hos meg.

Leave a Reply