Snart er det festmat på alle bord heile tida, men ei stund til har vi definitivt flest kvardagar. Dei kan vere mørke, våte og travle, men det som gjer dei litt lysare er om vi får til smakfull kvardagsmat i farta mellom treningar, møte og jobb.
Eg elskar supper og gryter om vinteren, det varmar og nærer, og gir masse smak. Den meksikanske suppa vi skal lage i dag er ei slik perfekt vintersuppe. Nokre kallar denne suppa tacosuppe, og den inneheld jo ein del av det som taco inneheld, særleg kryddera er dei same.
Og det skadar vel ikkje om det er billig og? Bønner er superbillig viss du kjøper dei tørre, bløyter dei og kokar dei sjølv i staden for å kjøpe dei på boks. Mindre avfall vert det og, ein klassisk vinn-vinnsituasjon. I dag brukar eg dei raude bønnene, og dei er fast tilbehør, eller eigentleg basisvara, i meksikansk mat.
Når du først går i gang med bønner, så kan du like gjerne koke ein heil pakke. 75 g tørre bønner tilsvarer ein boks ferdigkokte når dei er bløytte og kokte, så kokar du ein pakke på 500 g tørre bønner har du nesten sju boksar ferdige bønner. Det er ikkje kjapt å bløyte bønner i tolv timar, men når du vel har gjort det, og bønnene er ferdig kokte kan du fryse dei i passe store porsjonar i tette boksar, og så kan du ta opp det du treng og få god mat i ei fart.
I mi meksikanske suppe puttar du stort sett vanlege, norske grønsaker. Eg har i persillerot, gulrot og løk, og så puttar eg i kvitløk, chili og krydder for å få til den ekte meksikanske smaken. Eg putta i litt grønkål og, berre fordi eg hadde det i hus. Har du svartkål, så kan du også bruke det.
Eg er forresten ikkje så sikker på om dei serverer denne suppa i Mexico, men den har iallfall den karakteristiske meksikanske smaken som du får av spisskummen, chili, malt koriander og oregano.

Som vi har snakka om før, kjem smaken fram når kryddera og aromatane vert surra i feitt i gryta. Prøv det, den aromaen som slår mot deg når desse smakane vert varma opp i gryta er veldig typisk for meksikansk mat. Desse kryddera bør vere å få tak i i alle butikkar. Leit gjerne i ein asiatisk butikk, dei har mykje spennande i butikkhyllene. Eg har kjøttdeig i denne gryta, men det kan droppast viss du vil at den skal vere vegetarisk. Du kan også bruke biffkjøt i terningar, viss du har berre litt kjøt, og skal lage mat til mange.
Metoden eg beskriv i oppskrifta kan brukast på alle større, tørka belgfrukter, som kikerter, raude, svarte eller kvite bønner, eller gule erter. Dei bør bløytast i minst 12 timar før koking. Vert det endring i planane, så kan dei godt stå lenger, men då bør du bytte vatn to gongar i døgnet. Bløytinga gjer også ertene meir fordøyelege. Viss du har tendensar til luft i magen kan grundig bløyting redusere plagene.
Eg brukar å ha natron i kokevatnet. Det gjer at pH-verdien på vatnet vert litt høgare, og stivelsen i belgfruktene vert løyst opp raskare. Det har mest effekt når du vil ha ein puré, men kan også brukast til gryter og supper som her. Koketida varierer med storleiken på belgfruktene, dei største bønnene treng fort 1,5 -2 timar, mindre bønner kokar litt fortare.
Kos deg med meksikansk suppe, og inviter gjerne nokon over på middag, dette er mat til mange!
Kokte bønner
500 g tørre bønner
Vatn til bløyting
Vatn til koking
Ein buljongterning
1 ts natron
Legg bønnene i vatn kvelden før du treng dei. Bruk ein romsleg bolle, dei doblar seg i volum når dei er ferdig bløytte. Dagen etter heller du av vatnet, og har bønnene i ei gryte. Ha i natron og vatn, kokevatntet skal stå ca. 3 cm over bønnene. Kok opp, og skum av avfallsstoffa som dannar seg på overflata. La bønnene koke til dei er møre, 1-1,5 timar bør vere passe. La bønnene renne av, og frys ned dei du ikkje treng med ein gong.
Meksikansk suppe
2-3 ss olje
1 ts spisskummen
1 ts malt koriander
1 ts chiliflak
2 vanlege, ferske chili
3 fedd kvitløk
2 store, gule løk
3 gulrøtter
1 persillerot
Ein neve finsnitta grønkål
1,2 l vatn
2 pakkar (ca. 800 g) hermetiske tomatar
500 g kjøtdeig
250 g ferdig kokte raude bønner
1-2 ts sukker eller honning
To buljongterningar viss du vil
Salt og peppar
Rømme og brød/chips til servering
Rens og finhakk løk, kvitløk, gulrøtter, persillerot og fersk chili.
Ha oljen i ei romsleg gryte, og varm den opp på middels varme. Ha i kvitløk, løk, fersk chili, og alt krydderet unntatt salt og peppar. La det frese til løken er mør. Ha i gulrot og persillerot, og slå på vatn og tomat. Ha i bujongterning om du brukar det. La dette koke i eit kvarter.
I mellomtida steiker du kjøttdeigen i olje i ei steikepanne. Når den er brun og fin, har du den over i gryta saman med bønnene og grønkålen. Smak til med sukker, salt og peppar, og server suppa med brød eller maischips, og rømme.