Frustrasjonar
Comments 6

Reint/ikkje reint


Vi har tidlegare snakka om ryddigheit her i bloggen, og eg må innrømme at eg gjerne vil at det skal vere nokolunde reint rundt meg. Halde det reint heller enn å gjere reint, er vel mitt motto.

Men i det siste har eg slite med oppvasken. Oppvaskmaskinen er ei fantastisk oppfinning, alt blir reint og skinande når det får ein runde i den. Inntil for nokre månader sidan, då eg oftare og oftare kjente at det var «grus» på glasa. Skålene vart heller ikkje reine, uansett korleis eg plasserte dei.

Eg har bytta vaskemiddel, eg har fylt på og justert glansemiddel og eg har rensa filter til den store gullmedaljen. Eg har kjøpt slike små, dyre, blå posar med stoff som skulle gjere sjølve maskinen skinande rein innvendig. Likevel vart ikkje glasa mine ordentleg reine.

Til slutt vurderte eg å tilkalle reperatør, vi har prøvd å sjekke vassinntaket, men det viste seg svært vanskeleg. Av alle ting stengte ledninga som fører straum til komfyren for det eine støttebeinet slik at maskinen er svært vanskeleg å dra fram.

Etter endå ein runde med nærlesing av bruksanvisninga så fann eg ut at det kan ha kome noko inn i vasspumpa. Ut med filter, fram med skrujern av ein obskur type som verdas finaste kjæreste sjølvsagt hadde i tølene sine, og opp med eit deksel.

Eg fekk ut vatnet, og med vatnet kom det noko seigt noko og eit upoppa popcorn. Eg rota nedi der som best eg kunne, men ingenting meir var å hente. Dekselet vart skrudd på igjen, og under over alle under: Glasa vert reine!

Om det var den seige klumpen eller popcornet som lagde elendigheita veit eg ikkje, det var kanskje kombinasjonen. Men no er alt som det skal vere, skyllevatnet er reint og det kjennest ikkje som om det er grus på mjølkeglasa.

Det er utruleg at det kunne vere så enkelt, og ikkje minst så billig å løyse dette problemet. Eg såg for meg ei rørleggarrekning som svei på kontoen, i staden fiksa eg det sjølv. ein kan bli overmodig av mindre. Moralen er: Hald deg med ei velutstyrt verktøykasse, ta vare på bruksanvisninga og gi ikkje opp.

This entry was posted in: Frustrasjonar

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. Mission completed!
    Du sørga for både boblelatter og kunnskapsoverføring for framtidige hendingar.

    Han hin har verktøykassa og kontroll på bruksanvisninga, – eg tek resten!
    :-D!

    Med ynskje om gode dagar!

    Likar

  2. Lovise says

    Eg er imponert! Hadde det vore her i huset er eg redd løysinga hadde blitt mykje skrik og skrutrekkarar her og der, og så ein ny maskin inn i huset…. Og eg har ingeniør i huset!
    Gratulerer med sjølvgjort.

    Likar

  3. I denne prosessen var hans bidrag rett type skrujern og høgtlesing frå bruksanvisinga. Men heilt generelt hjelper det veldig. 😀

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s