Grønt
Comments 4

No er tida her…


Akkurat no er det rette tida for å sette løk i jorda.

Det gjeld dei fleste typar, iallfall om dei er av den typen som vil ha ein runde med kulde før dei veks og trivest. Kvitløk, tulipanar, allium og krokus kan gå i jorda no.

Snøklokker bør plantast friske, då dei bør du tigge til deg når dei har avblomstra neste år. Å selge snøklokkeløkar no grensar til lureri spør du meg.

Eg har nokre posar ståande frå sommarferien, då vi var i Oxford hadde løkane akkurat komt i butikkane. No er det like før dei kjem på salg, så då er det mogeleg å gjere kupp.

Kvitløk som spirer kan puttast i jorda no, og då kan du hauste store, fine løkar neste år utpå seinsommaren. Toppløk kan også gå i jorda no. Er du i byen kan du stikke innom, så skal du få eitt par av meg. (Eg har gitt opp utsending…)

Kva løk planlegg du å plante? Eller har du allereie fått dei i jorda?

This entry was posted in: Grønt

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. HildeSofie says

    Jeg har bestilt et lite lass fra Hageglede, og de kommer en av de nærmeste dagene, hurra! Da blir det mørklilla og hvite tulipaner, lilla liljer, oransje liljer, en nydelig type hvit allium og kremgul-hvite fylte narsisser 🙂

    Likar

  2. Et lite spørsmål…må kvitløken spire før du setter den i jorda? Tenkte eg bere skulle sette ned nokre fedd, og sjå ka som kom opp neste år

    Likar

  3. Nei, den må ikkje, men det er ein fordel å sjå noko grønt på det. Det indikerer at løken ikkje er behandla med eit spirehemmande middel. Dessutan er det ein fin måte å «bli kvitt» spirte kvitløksfedd på. 😉

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s