Månad: september 2011

Skattar frå loppemarknaden


Ein finn alltid noko på loppemarknad, iallfall gjer eg det. (Men berre for å ha sagt det; det er ingenting som eg treng. Vi har meir enn nok ting her i huset.) Men eg fann fine ting denne gongen også. Eg hadde eit klart og tydeleg oppdrag og, mor mi ville ha ei ny jerngryte til huset sitt i Nord-Norge. Det gjennomførte eg, i kjøkkenavdelinga fann eg ei fin jerngryte. Etter ein omgang med stålull og olje klarte eg til og med å konstatere at gryta eg hadde kjøpt for tjue kroner var ei Le Creuset-gryte. Den er ikkje så tung i godset som Høyang-pannene, men det gjer den også lettare å handtere. Til meg sjølv kjøpte eg fire eplegrøne skåler, dei har eg nokre av frå før, og nokre gule. Dei gule er eg ikkje så fornøgd med, så dei skal få gå på neste loppemarknad no, eller kanskje til Nord-Norge dei og? Ei lita syltetøyskål i pressglas vart også med heim. Eg fann nokre fine juleboksar, ein liten ein som eg planlegg å …

Og i dag…


…viss du lurer på kva du skal finne på, og du er i Oslo: Kom til Ila skule, og gå på loppemarknaden der! Der er det masse fint, deilige vafler, snille korpsforeldre og flotte lopper til gode prisar. Vi skal iallfall dit! Ila ligg i Fougstads gate 10, 21-bussen til Falch Ytters plass og gå opp Fougstads gate, eller ta 37-bussen til St.Hanshaugen og gå opp Geitmyrsveien og så ned Brandts gate.

Fagen og gutta


Ei av dei første platene eg kjøpte av mine eigne pengar var The Nightfly med Donald Fagen. Det tok faktisk ei stund før eg forsto at det var same person som sang på denne plata som sang på platene til eit anna band eg likte; Steely Dan. Med begge banda fekk du sløy og stilig vestkystfunk, og eg digga det. Dette er rytmisk, presis og veldig kompetent komponert og framført musikk, Det gjekk rett til hjarterota på meg. Det finst eit norsk tribute-band til Steely Dan, Stealing Dan heiter dei, sjølvsagt. Er du i Oslo i helga kan du gå på Stopp Pressen i VG-huset seint på kvelden på laurdag, og høyre dette eminente bandet. Flinke er dei, og nokre av dei er til og med sunnmøringar, utan at ein skal bruke det mot dei. Ha ei fin helg!

Gratinerte pannekaker


Pannekaker er ein omstridd middag i vår familie, tolvåringen vil gjerne sleppe å få det servert. I går foreslo eg å lage gratinerte pannekaker, men han  var framleis skeptisk. Stol på meg, sa eg, og gjekk i gang. Eg lagde ein stuing med sopp og kjøttdeig som eg krydra godt, og rørte inn nokre skeier kremost til slutt. Det kan du erstatte med rømme eller fløte. Det gir ein god, kremete stuing som er perfekt å fylle i desse pannekakene.  Eg lagde dei med sukker i sjølv om dei skulle brukast til middag. Eg likar kombinasjonen av søtt og salt, så salt stuing i søte pannekaker er etter min smak. I denne stuingen kan du putte alle slags sopp, den er perfekt til blandingssopp viss du har vore på sopptur. Slik gjorde eg det: Kjøtt- og soppstuing 400 g kjøtdeig 300 g sopp Ein stor løk Smør/olje til steiking 2 dl kvitvin eller 2 dl buljong 4 ss tomatpuré 1 ts timian Sukker, salt og peppar 4 ss naturell kremost, rømme eller fløte Ost til …