Middag
Comments 7

Gratinerte pannekaker


Pannekaker er ein omstridd middag i vår familie, tolvåringen vil gjerne sleppe å få det servert.

I går foreslo eg å lage gratinerte pannekaker, men han  var framleis skeptisk. Stol på meg, sa eg, og gjekk i gang. Eg lagde ein stuing med sopp og kjøttdeig som eg krydra godt, og rørte inn nokre skeier kremost til slutt. Det kan du erstatte med rømme eller fløte.

Det gir ein god, kremete stuing som er perfekt å fylle i desse pannekakene.  Eg lagde dei med sukker i sjølv om dei skulle brukast til middag. Eg likar kombinasjonen av søtt og salt, så salt stuing i søte pannekaker er etter min smak.

I denne stuingen kan du putte alle slags sopp, den er perfekt til blandingssopp viss du har vore på sopptur. Slik gjorde eg det:

Kjøtt- og soppstuing

400 g kjøtdeig

300 g sopp

Ein stor løk

Smør/olje til steiking

2 dl kvitvin eller 2 dl buljong

4 ss tomatpuré

1 ts timian

Sukker, salt og peppar

4 ss naturell kremost, rømme eller fløte

Ost til gratinering

Sett omnen på 230 grader. Rens sopp og løk, og kutt det i små bitar. Fres soppen i smør og/eller olje til den er gyllen. Slå på vin eller buljong, og la det koke inn. Ha i løken, og fres den mør i soppen. Dra sopp og løk til side, og ha i kjøtdeigen. Fres den til den er gjennomsteikt.

Ha i tomatpuré, og gjerne litt meir buljong viss det vert for tørt. Smak til med sukker, salt og peppar. Rør inn kremost, og la det heile koke inn til ein tjukk stuing.

Steik pannekakene. Legg ei i ei eldfast form, og fyll i nokre skeier med stuing. Rull den saman, og legg i ei til. Gjenta prosessen til du er tom for pannekaker og stuing. Riv osten, og strø den over pannekakene. Gratiner det heile i 15-20 minutt til osten er pent gyllen. Server med ein salat.

Dette blir veldig godt utan kjøt og, suppler gjerne med ein squash eller persillerot, og litt meir sopp.

This entry was posted in: Middag

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. Dette er skummelmorsomt – jeg hadde tenkt å lage pannekaker til middag til meg selv og pappa i dag…bare visste ikke helt hvordan jeg skulle finne på noe annet enn ‘vanlige’ pannekaker 😀 Det blir nok en variant av denne oppskrifta, helt klart! Har ikke sopp, så kanskje det blir en form for urte-/grønnsaksstuing, men like fullt…gleder meg. Tusen takk!

    Likar

  2. Vart dei tekne godt i mot av 12-åringen? Eg trur han er det fyrste barnet (eller mennesket generelt kanskje) eg har høyrd om som helst vil sleppe pannekaker
    Fylte pannekaker er veldig deilig, og dette fyllet verker fabelaktig.

    Likar

  3. Gunn-Torill says

    Eg er nok redd eg hadde blitt mektig upopulær hos 13-åringane her i huset dersom eg hadde lova dei pannekaker og dette var det dei fekk servert. Dei hadde nok kjent seg lurt, då, gitt. Men for oss andre hadde det nok smaka godt (men eg hadde nok droppa sukkeret).

    Likar

  4. Takk for tipset! Eneste måten jeg har klart meg gjennom utallige pannekakemiddager er å steke bacon å ha i.

    Pannekaker er virkelig ikke middagsmat. Sånn hvis man ser på de den tradisjonelle måten med sukker eller syltetøy.

    Likar

  5. Det ble knallgodt, og nå ligger en sprekkmett mann og sover på naborommet 😉 Urter og kjøtt og saus, og liiite sukker. Herlig!

    Likar

  6. Tolvåringen var knallfornøgd! Han likar alt slikt med sopp, løk, kjøt og ein kremete saus. Langt betre enn bacon og ertesuppe, syns han. Så bra at pappaen din og vart fornøgd, Elisabeth! 🙂

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s