Billig mat, Noko søtt, Veggis
Comment 1

Saftige eplemuffins

Dagens kaffimat er nokre gode eplemuffins, no når hagane bugnar av eple. Eg har faktisk tenkt meg opp til Ullevål hageby på epleslang, der står epletrea tunge, og det ser ikkje ut til at dei får ete dei opp.

Er dette muffins eller cupcakes? Eg veit ikkje, eg har vel eigentleg ikkje forstått skilnaden. Det viktigaste er at dei blir gode, ikkje kva ein kallar dei, spør du meg.

 Eplemuffins

250 g mjukt smør

250 g sukker

250 g kveitemjøl

4 egg

2 ts bakepulver

3/4 dl mjølk

3 eple

2 ss sukker

1 ts kanel

 Glasur:

100 g kremost, ikkje light

50 g smør

1 ts sitronsaft

 Sett omnen på 200 grader.

 Ha bakepulveret i mjølet, og bland det godt. Ha alle ingrediensane i ein bolle, og køyr røra glatt med ein handmiksar. Ha i mjølka til slutt. Er smøret ditt hardt, kan du smelte det, la det kolne litt og helle det i røra medan du miksar. Du kan også bruke flytande margarin/Bremykt på flaske.

Bruk store muffinsformer, og legg ei toppa spiseskei med røre i kvar form. Eg får vanlegvis ca. 20 muffins av denne røra.

 Skrell og rens epla, og del dei i relativt små bitar. Ha bitane i ei skål, og vend dei med sukker og kanel. Dytt eitt par teskeier med eplebitar ned i kvar muffins.  Steik muffinsane på 200 grader i 20 minutt.

Rør saman ost, smør og sitronsaft til glasur, og smør på muffinsa når dei er blitt kalde. Pynt med det du har i huset, vi brukte millions (minifruktdrops) med skogsbærsmak frå Oxford, og slikt pulver som du får kjøpt i rør i godtebutikkar.

Denne muffinsoppskrifta kan brukast til alle typar frukt og bær. Eg har lagd den med bjørnebær, det smakte fantastisk. Den er også god med pærer eller med plommer.

This entry was posted in: Billig mat, Noko søtt, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Primula says

    De muffinsene skal jeg jammen prøve, Gunda! Tror nok at de er veldig gode. I år ble det ingen epler i min hage siden elgen var så frekk og glupsk i vinter at den jafset i seg mesteparten av greinene på det ene av mine to epletrær:-( Så det ble ingen kryssbestøving og dermed ingen frukter i år til tross for en fin og varm sommer. Men det er ikke så farlig. Vi har jo Coopen og Rema:-)

Leave a Reply