Pannekaketårn
Desse søte, små pannekaketårna krev litt jobb, men er veldig fine til fest, og vel verd slitet det er å steike mange, små pannekaker. Det kan du også gjere på førehand, slik at du har dei klare til du skal legge opp desserten. Finn ei akkurat passe stor ause, så får du like pannekaker kvar gong. Pannekakerøra kan sjølvsagt brukast til vanlege pannekaker og. Pannekaker 2 egg 3 ss sukker ½ ts salt 3 dl kveitemjøl 5 dl mjølk 2 ss smelta smør, eller flytande bremykt Knekk egga i ein bolle, og rør inn sukkeret og saltet. Ha i ei spiseskei mjøl, så litt mjølk og rør glatt, så ei skei mjøl til og litt meir mjølk. Slik held du på til du er tom for både mjøl og mjølk. La røra stå litt. Ha i det smelta smøret like før du skal til å steike. Bruk ei lita ause for å få passe mengde røre til små pannekaker. Pannekakene skal vere ca. 10 cm i diameter. Kvit sjokolademousse 300 g kvit sjokolade, finhakka 3 dl …