Gratinerte fajitas er ein av mine middagsfavorittar. Du tek tortillalefser, fyller dei med det du syns er godt, og bakar rullane i omnen med tomatsaus og ost. Eigentleg er det eit perfekt alternativ til den evig tilbakevendande fredagstacoen.
Dette er ein rett som kan gjerast enkel eller meir avansert, alt etter tida ein har tilgjengeleg. I dag har eg gjort det grundig, med heimelaga tortillas og meksikansk krydderblanding. Med heimelagde tortillalefser har du kontroll på kva du får i deg, og du får fersk, god vare. Slik gjer du det:
Tortillas
6 dl kveitemjøl
1 ts salt
1/2 ts bakepulver
4 ss rapsolje
2 dl nykokt vatn
Bland mjøl, salt og bakepulver i ein romsleg bolle. Ha i oljen, og gni den inn i mjølblandinga til deigen er smuldrete. Slå på det kokte vatnet, og bland det heile til ein jamn deig. Du kan også gjere dette i ei matmølle.
Del deigen i tolv delar, form dei til flattrykte ballar, pakk dei inn i plast kvar for seg og legg dei i kjøleskapet ein halvtimes tid.
Kjevle dei ganske tynne, og er du av det perfeksjonistiske slaget kan du legge ein asjett oppå og skjere rundt så dei vert jamnt runde. Steik dei fort i tørr steikepanne til dei er gylne. Legg dei under kjøkkenhandkle til du har alt det andre klart. Viss dei vert liggande i friluft kan dei bli litt stive og rare.
400 g karbonadedeig
Ein stor løk
Ein boks (ca. 150 g) mais
To stilkar stangselleri
2 ts salt
1 ts sukker
1 ts malt koriander
1 ts oregano
1 ts malt spisskummen
1/2 ts svart peppar
Chili etter smak
To boksar hermetiske tomatar, finhakka
Riven ost
Set steikeomnen på 200 grader.
Bland alt krydderet. Del det i to like porsjonar. Steik karbonadedeigen i ei varm steikepanne med olje og/eller smør til den er gjennomsteikt og brun. Slå på ein halv boks tomatar og ein av dei to krydderporsjonane. La det frese inn i karbonadedeigen, og spe eventuelt med litt vatn viss det vert for tørt.
Ha resten av tomatane i ei skål, og bland i den andre krydderporsjonen.
Ta ein tortilla og legg den i ei eldfast form med halve tortillaen opp over kanten på forma. Legg i to-tre spiseskeier med fyll, og rull tortillaen rundt slik at fyllet vert “stengt inne”. Legg ein ny tortilla i forma, denne gongen halvt oppå den som ligg der frå før. Legg i fyll, og rull den saman. Fortsett til forma er full. Hell over tomatsausen, og strø på riven ost.
Gratiner det heile på 200 grader til osten er gyllen. Server med rømme, salsa og ein god salat.