Billig mat, Fest, Pai, Veggis
Leave a Comment

Butterdeigpai med squash

I mai kjem festdagane som perler på ei snor. I dagane framover får du nokre gode og enkle mattips, slik at du kan invitere gjestar utan å sveitte over grytene i dagevis.

Den enklaste paien lagar du av smørdeig. Den kjøper du i butikken, til og med Jamie Oliver gjer det. Den ligg i frysedisken og ser ut som ei kjedeleg veggpryd, men den kan varierast i det uendelege. Eg har lagd ein enkel liten squashpai med den, som er perfekt som fingermat. Juster storleiken etter om du skal ha tallerknar eller om folk berre skal forsyne seg på servietten.

Til ein fingermatbuffé kan du skjere rutene slik at det akkurat er plass til ei squashskive på dei. Osten kan varierast. Her brukte eg cheddar, den er salt og god. Du kan også bruke pecorino eller mozarella, jarlsberg er også godt. Slik gjorde eg det:

Squashpai

5 plater smørdeig

Ein squash

1 dl crème fraïche

1 ts urtesalt

1 ts honning

100 g ost

Litt olivenolje

Ruccola til pynt

Eit samanpiska egg

Sett omnen på 200 grader. La smørdeigplatene tine på benken.

Strø bakebordet ditt med mjøl. Kjevle ut smørdeigplatene til tredobbel storleik. Pass på at deigen ikkje festar seg til bakebordet. Del opp deigen i passe store bitar. Fordel dei på eit bakebrett dekt med bakepapir. Prikk dei litt midt på med ein gaffel. Dei hevar seg i høgda, ikkje særleg mykje i breidda. Pensle kantane med samanpiska egg.

Bland saman crème fraïche, urtesalt og honning i ei skål. Fordel denne blandinga på smørdeigfirkantane. Skjer squashen i skiver, og vend dei i olje. Legg dei på smørdeigfirkantane, og fordel osten over. Bak dei på 200 grader i 12-15 minutt midt i omnen til dei er pent gylne. La dei kolne på rist før du legg dei over på fat. Pynt med litt ruccola.

Leave a Reply