Eg er glad i å bruke blåmuggost som krydder eller smakstilsetting i matrettar. Den har ein fin, feit, salt og fyldig smak.
I dag har eg brukt blåmuggosten i ei suppe med brokkoli som hovudingrediens. Denne suppa går fort å lage, og er mettande og god. Server den med kvitløksbrød eller rista brød med litt av den same osten som du har brukt i suppa.
Her har eg brukt klassisk roquefort, då blir den mogeleg å ete for dei som ikkje toler kumjølk så godt. Treng du ikkje ta slike omsyn kan du bruke alle typar blåmuggost, dei gode gamle norzola- og normanna-ostane kan også brukast i denne suppa.
Slik gjer du det:
Brokkolisuppe med roquefort
1 løk
2 store poteter
Ein bukett brokkoli, ca. 400 g
Olje til steiking
100 g roquefort eller annan blåmuggost
1 liter kraft eller kokande vatn med buljong/fond
Skrell og finhakk løken og poteten. Ha dei i ei gryte saman med oljen, og surr det nokre minutt. Slå på kraft, og la det koke til grønsakene er møre. Ha i grovhakka brokkoli, og la det koke 3-4 minutt til brokkolien er mør, men framleis grøn. Ha i blåmuggosten og køyr det heile glatt med ein stavmiksar.
Server suppa med smuldra blåmuggost i, og med brød til.