Fest
Comment 1

Årets halloweenlykter

Eg elskar å skjere ut graskarlykter!  Graskarlykter er fine, og sjølv om eg ikkje har dyrka mine eigne graskar så føler eg ikkje eg er med på kjøpefesten av den grunn. Det er gøy å sløkke lyset i oppgangen, ha nokre smålys i glas oppover trappa og så nokre skikkeleg skumle lykter innimellom.

Det er ikkje så vanskeleg og tidkrevande som det kan sjå ut heller, dei tre lyktene eg viser her lagde eg og gjestane mine i løpet av ein kveld. Du kan lage motiv på frihand, eller du kan søke etter pumpkin carving stencils, så finn du masse fine eksempel.

Her i huset fekk eg bestilling på ein minecraftfigur som heiter Creeper. Gjestane våre lagde ei fin kattelykt, også den på frihand, og den siste vart enkelt dekorert med stjerner og ein måne.

Når du skal lage ei lykt er utgangspunktet eit stort, fint graskar. Det treng ikkje vere like vakkert frå alle sider, men det bør ha ei klar og ganske symmetrisk forside. Prisane varierer veldig, eg har sett alt mellom ti og førti kroner kiloen. Når eit graskar veg fem kilo har kiloprisen litt å seie for utgiftene. Innvandrarbutikkane er billegast, no som alltid.

IMG_2429

Det første eg gjer er å skjere av loket. Skjer det med kniven skrått innover i graskaret, ikkje rett ned i det. Den skrå kanten hindrar at loket fell nedi når du legg det på til slutt.

Loket kan også skjerast i mønster.

IMG_2539

Det største av mine har eg kutta i stjernemønster. Begynn med å lage to prikkar ovanfor kvarandre passe langt frå stilken. Lag så to til, nitti grader på dei to første. Så lagar du to til midt imellom dei igjen.

IMG_2542

Då kan du lett skjere ei jamn stjerneform ved å kutte skrått inn mot stilken frå kvar prikk.

Ikkje gjer som meg, og kjøp eit graskar utan stilk. Eg hadde eit svare strev med å få loket ut av graskaret. Inni det ligg det nemleg tusen oransje, seige trådar som held loket fast, og eg måtte verkeleg lirke for å få det av. Då er det lettare å ta tak i stilken, og vippe det opp.

Når du så har fått eit fint hol må du grave ut dei oransje trådane og fjerne frømassen. Eg tek det grøvste med hendene, og finrensar med melonkulejern. Når dei oransje trådane er borte går eg laus på fruktkjøtet med melonkulejernet mitt. Du kan også bruke ei isskei dersom du har ei med ganske skarp kant.

Eit gjennomsnitts graskar har fire-fem cm tjukt kjøt, og klarer du å skrape deg ned til to cm er mykje arbeid med sjølve kuttinga spart. Det er mykje lettare å skjere eit pent mønster i graskaret når veggane er tynne. Fruktkjøtet tek du til side, det går an å lage mykje spennande med det.

Slik brukar du “stencils: Når eg finn eit mønster eg kan skrive ut, festar eg det på graskaret med to nåler. Pass på at du plasserer eller teiknar motivet på øvre del av graskaret. Lyset fell finare, og du ser ikkje telyset i “munnen” på lykta dersom motivet sit eit stykke opp på lykta.

Så tek eg den skarpaste gaffelen i skuffen (den var ny…) og stikk med nokre millimeters mellomrom langsmed der eg skal kutte. Då ser du lett kvar du skal føre kniven når du går i gang med sjølve kuttinga.

Frihandsteikningane mine er endå enklare. Eg teiknar på med penn, og har som hovudmål å få det nokolunde symmetrisk.

Ta fram det du har av små knivar, det varierer kva som er godt å bruke. Jobb med kniven innover i graskaret, ikkje nedover eller oppover. Du har betre kontroll når du lar kniven gli innover og så forsiktig i rett retning. Elles kan du fort kutte for langt, og når du har lys i lykta visest slike lange kutt.

Kutt på utsida av pennestrekane, og dytt det du skjer ut inn i graskaret med enden av skaftet på ei tresleiv eller liknande. Skjer gjerne reint rundt opningane viss fruktkjøtet har flisa seg opp, og det ser stygt ut. Vil du at lykta skal vare lenge og ikkje mygle, kan du gni den inn med vaselin både utanpå og inni.

Set lys i lyktene, og legg på loket. Ha ein koseleg halloween!

This entry was posted in: Fest

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Christin says

    Meget vellykket aften. Legg på en link til suppa da, altgodt.

    Hilsen gjesten.

Leave a Reply