Eg har tidlegare nemnt at GundaM og eg jobbar med eit nytt bokprosjekt.
Men vi har eit problem: Vi manglar tittel! Og der kjem du inn i bildet, som les bloggen min. Eg treng gode forslag til ein boktittel til ei bok som skal handle om safting og sylting.
Vi syltar og saftar tradisjonelt og moderne, med og utan krydder og med spennande kombinasjonar. I tillegg er bodskapen i boka at ein må ikkje sylte og safte som om det var Store Norske ein lagde til. Små porsjonar gjelds også.
Eg er også oppteken av at ein skal kunne safte og sylte heile året. Det er så mykje godt i butikkane året rundt at safting og sylting må ikkje skje i to hektiske månader i august og september. Ein idé eg har jobba med er Haustetid – heile året. Men eg er ikkje heilt frelst. Ordet grøde er også aktuelt å bruke, men eg veit ikkje heilt på kva måte.
Så difor spør eg deg: Kva vil du foreslå at vi kallar boka mi? Kom med forslag i kommentarfeltet, den som foreslår det vi endar opp med får sjølvsagt ei bok i posten når den er i butikkane ein gong neste vår. Slå deg laus!
Grøde på glas!
Tittelen må bli: “Saft sylte!”
ååååå, så fint bilde av deg, mamma!:)
Hva med SAFT OG SYLT – året rundt!
Den årlige grøde i saft og sylte….
Saft suse. Dette er et skikkelig kraftuttrykk i Donald 🙂
Perfekt!
Enig med Tua og hadde tenkt å foreslå det selv 🙂
Saftige saker.
Saftig og sunt, året rundt.
Eg tenkte SAFT og SYLT- året rundt. Og det ser eg det er fleire andre som er inne på og. Enkelt og greitt, og ein er ikkje i tvil om kva for ei bok ein kjøper. Dessutan er orda fint.
Jeg tenkte umiddelbart: “safting og sylting”.
Stemmer på Saft Sylte. Med en undertekst.
Men Grøde på Glas klinger også bra.
Jeg stiller meg på venteliste for signert eksemplar!
Saftig Grøde eller Grødens Glede …:)
På glas – saft og sylt (av) markens grøde
“Safter”
– er mitt forslag.
Hjarte-godt!
Det må jo bli “saft suse” – det første som slo meg. Kraftuttrykk fra 2 flotte og handlingskraftige damer;-)
Mvh Anita
“Grøde på glas. Safting og sylting for alle årstider” <3
Kunne det vere fint?
Lykke til vidare med bokprosjektet! Eg har "Smalhans"-boka og likar ho kjempegodt! Masse god og lettlaga mat, og så er det ei ekstra glede å lage mat når det er fine bilete å sjå på i tillegg. 🙂
Hva med “Saftig……”
“Alt Godt – På Glass”….
Hei Gunda! Lukke til med nytt bokprosjekt.
Tar meg den friheita å senda deg eit lite forsøk på dikt med tanke på alle mine barnebarn (9 så langt). Har også planar om ein dag å kunne laga ei bok, men den vert heller liten og med svært få, om noken matoppskrifter. Eg tenkjer det kan vera morosamt å laga noko dei som kjem etter kan ha glede av.
Her kjem det.(Kansje du sjøl har opplevd eller høyrt noko tilsvarande.)
Plommer til alle
Høgt oppe i eit stort plommetre
Hang runde, modne og saftige plommer
Dei hang og venta
På ei lita jenta
Ho igjen gjekk å venta på at far
Skulle koma med stigen og var klar
Den stilte han opp på plenen
Så klatra han så høgt han turte
Tok godt tak i greina
Slik stod han aleina
Uhellet var at han trødde av trinnet
Og datt ned og slo seg på leggskinnet
Der låg han så lang han var
Men han kunne ikkje for det
For trinnet var
Ikkje bygd for far
Men no kom mamma til jenta
Ho hadde alt plommer henta
For bestemor og bestefar
Hadde vore der før og plukka
Og det var bra
Takk skal de ha
Så vart det plommer nok til alle
Litt synd på han som hadde falle
Ha ei fin helg!
Eg stemmer på Saft suse – det var det første eg tenkte på, men andre kom før meg 🙂 Alternativt Saftig! 🙂
Javel ja! Beklager at eg ikkje har svart på det du ba om. Her kjem forslag frå meg:
Fyrst. Du kallar bloggen din Alt godt, kvifor ikkje laga eit tillegg til den som: Alt godt i krukker og glas. Eller: Alt godt som saft og syltetøy.
Kva synes du Gunda, var dette ein haldbar (står seg ei tid som hermetisert frukt) ? 🙂
Henry
Gunda`s grøde på flaske og i glass : )
Hei Gunda. Eit nytt lite bidrag til diskusjonen rundt navn til den ne boka di.
No vesle Gunda
må du nytte stunda
til å ta ei avgjerd
slik at noko skjer
og finne eit navn
då er tittelen i havn
Ha ein fin dag med fine bileter og meire til
Henry
Alt godt, på flasker og glas.
Gunda`s saft og sylte, året rundt.
“SAFT SUSE!” Med utropstegn! Enkelt, kort og fyndig! 🙂