All posts tagged: komle

Potetball raspeball lagt opp på fat

Potetball frå Sunnmøre

No er tida her! Potetene har blitt lagra sidan i haust, då er dei perfekte til ball. Du finn môrpølse og vossakorv til halv pris i butikken, og rabbene er saftspente og fine i grønsaksdisken. Det er til og med torsdag i dag. Det er ingenting å lure på, lag ball! Potetball frå Sunnmøre 0,5 kg kokt, kald potet, skrelt 1 ,5 kg rå potet, skrelt 1 ss salt ca. 5 dl byggmjøl Bacon eller lettsalta sideflesk til dott Salt og/eller svor til kokevatnet Gulrot, kålrot og gjerne nokre gode pølser til å servere ved sidan av. Utstyr: Kjøkkenmaskin med kjøttkvern, ei romsleg (minst 7-8 liter) gryte, helst ei låg og vid om du har Mal dei kokte potetene først. Mal så dei rå potetene, køyr gjerne etter med ei tørr brødskorpe for å få det siste ut av kverna. Sett saltvatnet på kok. Har du sideflesk eller bacon i, så kjøp det med svor. Svora kan koke med i krafta, og gir nydeleg smak. Ha potetblandinga i ein bolle, og rør inn salt. Ha …

Ball og ballebrød

Lagar du ball? Ja, eg veit det er eit sensitivt spørsmål. Mange kvinner som meg, med mødre som lagar verdas beste ball, har berre styrt unna denne middagen. Vi ynskjer oss ball til middag kvar gong vi skal heim til middag, altså til barndomsheimen. Resten av året et vi det ikkje anna enn på IKEA. Det er for gale. Det er heilt slutt på at torsdag er balldag, det er berre på Kaffistova det er slik lenger. Eg har lagd ball kanskje tre gongar på ti år. Alle tre gongane har dei kokt ut i kokevatnet. Sist eg lagde forma eg tjueto ballar, og eg fann att elleve. 50% svinn, altså. Men eg må innrømme at eg var slumsete, og hadde nok for lite mjøl i. Eg har lova kjæresten min og meg sjølv at no skal eg lage ball oftare. Då vert eg sikkert flink til å gjere det og. Husk på at det er på denne tida at potetene er på sitt beste til ball. Dei er ikkje så fuktige og ferske som …