Billig mat, Mat, Middag
Leave a Comment

Frittata, tortilla, potato, tomato

Då eg posta frittataen med vårløk, bønner og fetaost i går,  vart eg gjort merksam av ein observant lesar at eg blanda saman det spanske og det italienske namnet på denne retten. Lesaren har sjølvsagt heilt rett, og det opprinnelege er etter fattig evne forsøkt korrigert. Men korleis kan ein gå seg så vill? Eg trur ganske enkelt det er fordi eg syns det er så utruleg ulogisk at denne omelettvarianten heiter tortilla. For meg er tortilla ei lefse, som ein pakkar ting inn i.

Dessutan var eg i Italia då eg lagde desse deilige rettane, så det spørs om eg ikkje vart litt påverka av akkurat det. Viss eg hadde løfta kameraet litt då eg tok bildet nedanfor så hadde du sett dei toscanske åsane i det fjerne. Så då held vi oss til det italienske, og held fast på frittatanamnet på desse saftige, smakfulle omelettane.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Frittata med paprika, kvite bønner og poteter

To små eller ein stor paprika

4 fedd kvitløk

1 gul løk

1 ss lys balsamico

400 g poteter

Ein boks avrente eller 250 g kokte kvite bønner

8 egg

Salt og peppar

Smør/olje til steiking

Sett steikeomnen på 225 grader.

Del paprikaene i to, og legg dei med snittsida ned på eit eldfast fat. Bak dei til skinnet er mørkt og har blåst seg opp, ca. 15-20 minutt. Dra folie over fatet, og la det så slik det ”slår seg”, og skinnet på paprikaene løsnar. Fjern stilkfestet og frøa. Når paprikaene er kalde kan du dra skinnet av ved å la fingrane gli under det og løsne det frå kjøtet. Legg dei flådde paprikafiletane til side.

Sett steikeomnen ned til 190 grader.

Rens og finhakk kvitløken. Skrell løken, og snitt den i fine strimlar. Smelt ei spiseskei smør eller ha olje i ei steikepanne, og steik kvitløken og løkstrimlane til dei er blanke og byrjar bli gylne. Salte og pepre litt, og slå over lys balsamico. Har du ikkje det, så bytt det ut med 1 ss eplecidereddik og ½ ts sukker. Rør godt, og sett til side. Ikkje vask steikepanna, du vil ha med løksmaken når du steiker potetene.

Ha smør i panna, og sett den på høg varme. Steik potetene gyldne. Dryss på salt og peppar.

Knekk egga i ein bolle, og pisk dei lett saman. Smak til med salt og peppar, til denne porsjonen bør du ha i ca. 1 ts salt.

Smør ei eldfast form med olje eller smelta smør. Fordel løken i forma. Dryss i potetene og bønnene. Skjer paprikafiletane i strimlar, og fordel dei utover i forma. Slå over eggeblandinga, og bak frittataen i omnen på 190 grader i 20-25 minutt, til frittataen er ganske fast i midten. La den stå ei stund på benken før du skjer frittataen i porsjonsstykke, og serverer dei med godt brød og ein salat til.

Leave a Reply