Påkalling
Gjev meg ein dag og ein kveld
Lat det ljosna i romet sidan skymast
Eg vil få smilet ditt og alt som liknar deg
Eg vil legge armane kring deg der vona bur
utan å tenke på døden
Eg vil flyge med deg ut gjennom vindauga inn i skyheimen
setje meg hos deg under den gamle asken
som lærer oss visdom
Eg vil fylle brystet ditt med nordavinden sin lengt
blåse ut av tankane dine mørkeredsle og innbillingar
Krukker og hagar får bere nye blomar:
himmelurt vidlendefiol songløvetann
og det får drype honning av lufta
og Ljoset sin fødselsdag vert lesen høgt
Gjev meg berre ein dag og ein kveld
og sidan:
Kvar dag kvar kveld medan vi lever
Johann Hjalmarsson (1939)
Takk for at du deler et dikt som var ukjent for meg. Det var godt å lese.