Fin fredag
No har eg sykla opp frå byen, etter ein tur til Glasmagasinet for å få med godis til dei heldige to vinnarane av 200 000-konkurransen min. Det har skya over, men ikkje over meg, eg har mi eiga sol som følgjer meg akkurat no. 🙂 Neste helg blir ei langhelg, og den blir ikkje tilbrakt i Norge, det er alt eg førebels veit. Posane ved sidan av inneheld alle prøvene frå Gimle som skal ut til blogglesarane mine, og den bakerste posen inneheld fine ting frå Heaven Scent. Syrin og Selma kan glede seg til dei får pakke! Sjølv om eg har fått mange mailar (også frå ein del afrikanske bankfolk…) så har eg ikkje delt ut alle prøvene enno, der er framleis tid til å melde seg på det store gåvedrysset. Eg ynskjer alle lesarane mine ei god helg, ta vare på deg sjølv og dine. Vi er så viktige for kvarandre, og vi seier det kanskje ikkje så ofte som vi burde!