Billig mat, Fest, Fredag, Noko søtt, Veggis
Comments 5

Fastelavensfest


Eigentleg er det tre feiringar denne søndagen, morsdag, valentinerdagen og fastelaven.

Eg held meg til fastelaven, eller fastelavn, som ein norsklærar påpeikte er det rette namnet. Faste er vanleg i mange religiøse retningar. Islam har sin ramadan, ein månad med faste, og jødedomen har sin Yom Kippur.

I kristendomen innleier ein fasta onsdagen i den sjuande veka før første påskedag, og den varer i 40 dagar til minne om då Jesus fasta 40 dagar i ørkenen. Fastelavn har strengt tatt ikkje noko med faste å gjere, tvert imot er det nokre dagar før fasta då ein et ekstra fin og feit mat.

Gulatingslova nedla forbod mot å ete kjøt i fasta, og åt ein kjøt kunne ein verte ilagd bøter. Fastelavn kjem av det tyske ordet Fastel-abend, og tyder kvelden før fasta. Fastelavn vart markert med rikeleg, feit mat før ei tid med ransaking og ettertanke fram mot  høgtida.

Fastelavnsbollar er truleg eit tysk påfunn (slik mange av tradisjonane våre er) og dei vart baka i Bergen av hanseatane. Tysk baketradisjon stod sterkt i Bergen, og heitevegger, (heissewecke) var truleg dei første fastelavensbollane som vart baka. Dei skar toppen av bollen, laga eit hol og fylte kokt kremfløyte nedi og la toppen tilbake på bollen.

Blåmåndag skulle ein ha mager mat slik at ein vart skikkeleg svolten til feitetysdag. I den katolske middelalderkyrkja dekte ein alteret med blå duk denne dagen for å vise at presten hadde byrja si faste.

Grauta-tysdag eller feite-tysdag var den siste dagen før fasta, og dagen skulle brukast til å få i seg mykje feit mat slik at ein hadde litt å gå på gjennom fasta. Enkelte åt rømmegraut, medan andre åt kokt kjøt av ymse slag, kokt svinehovud, raspeball med sauekjøt eller liknande.

Oskeonsdag er første dagen i fasta, og namnet går heilt attende til middelalderen då dei ”botferdige” gjekk til kyrkje med botsklede og presten strødde oske i håret på kyrkjefolket. Å kle seg i sekk og oske er eit kjent uttrykk, oske var eit religiøst uttrykk for bot. I Bergen var det vanleg å ete pannekaker denne dagen, ein skikk som truleg kjem frå England.

No til dags er det sjeldan å oppleve kristen faste, vi held oss helst til det vande kostholdet. Men fastelavn feirar vi likevel, i vankunne vil mange seie.  Det heng berre to ting att av fastelavn, bollane og riset. Sanitetskvinnene sel ris med farga fjør på. Risa vart brukt på jorda, reiskapane og kvinnene for å syte for rikeleg avkomst. Det er å føretrekkje at det vert brukt til pynt og ikkje til å rise med no for tida.

Men korleis lagar ein gode bollar? Eg gjekk til den nye boka til Michael Schakenda, sunnmøringen som gjorde suksess som kokk i Oslo, men som no bakar fantastisk gode bollar på Lom.

Det var ein tabbe. Bolleoppskrifta i boka hans er full av feil, og eg enda opp med utruleg tunge og rare bollar sidan både sukker, smør og salt var oppgitt i doble mengder. Eg bytta inn boka mi, og såg at dei hadde retta opp feila i andre opplaget. Så har du kjøpt Schakenda-boka må du sjekke bolleoppskrifta. Står der 300 g sukker og 300 g smør så gå sporenstreks attende til butikken med den, og be om å få ei frå andre opplaget.

Så eg måtte ty til mor mi si oppskrift frå ”gamle dagar”. Den er eg trygg på, og den fungerer alltid. Det einaste eg har gjort er å legge til ørlite bakepulver, for å gjere den heilt idiotsikker. Slik gjer eg det:

Fastelavnsbollar

2 liter kveitemjøl

200 g smør

200 g sukker

1 pk gjær for søt gjærdeig

6 dl mjølk

2 egg

2 ts kardemomme

1 ts bakepulver

Rosiner viss du vil

Ha mjølet, sukkeret, kardemommen og bakepulveret i ein stor bakebolle. Smuldre smøret i mjølblandinga til det er ein kornete masse.

Varm opp mjølka til den er fingervarm, og løys opp gjæra i den. Bland saman mjølkeblandinga og mjølblandinga, og elt godt. La deigen heve under klede.

Del opp deigen til passe emne, denne porsjonen gjev ca. 25 bollar. Form dei til runde, fine bollar som du legg på bakepapir på ei bakeplate. Pensle dei med samanvispa egg, og la dei heve godt før du steiker dei på 200 grader i ca. 15 minutt, alt etter korleis din omn er.

La bollane kolne. Pisk 3 dl kremfløyte til krem med 2 ts ekte vaniljesukker og 2 ts melis. Del bollane i to, legg krem på den nederste delen og legg toppen på. Viss du er i det rampete hjørnet kan du også servere dei med litt syltetøy under kremen. Dryss litt melis over til slutt.

5 Comments

  1. Jeg holder også en knapp på fastelavnsfeiringa denne helga, så kremfylte boller blir vår form for morsdagskake. Kanskje vi skal lage dem hjerteformede, for å få en valentinsnert på dem?
    Takk for tips om feil i Shakendas bok – må rett hjem og sjekke.
    God helg!
    Pludrehanneklem

    Likar

  2. Jeg vet ikke om jeg skal bake boller i helga – neppe…
    Men ellers tenkte jeg bare at jeg skulle avlevere en *kjempediger og varm klem som varer hele helga*. Minst! 😀

    Likar

  3. Helga says

    Blir bollar i dag, og satsar på at denne oppskrifta er perfekt! Har vel omtrent ikkje baka sidan skulekjøken, so ditta blir spennanda:-)

    Likar

  4. Tilbakeping: Når er fastelaven? « Alt godt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s