…og eg trur jammen eg må ta meg ein pille og ein liten lur, hovudet er vondare enn eg set pris på.
Eg ville berre først vise dokke fredagsbuketten min, med skjære, rosa tulipanar.I bakgrunnen ser du vrihasselgreinene mine, med noko som med nød og neppe kan kallast vinterpynt. Det er visst ikkje alt som har komt på loftet etter jul likevel.
Det har kome så mange treff på morsdag i dag, det er altså ikkje denne helga, men neste. Då er det i tillegg både fastelaven og Valentine’s day, ein skikkeleg mamma-jackpot, altså. Eg syns eigentleg det høyrest litt slitsomt ut.
No, derimot, er det ingen som har forventningar om noko som helst, berre fred og ro i huset. Ha ei fredeleg helg, alle som stikk innom!
Sov godt. Håper søvn og pille virker *klem*
14. februar er vist også “Tannbørstebyttedagen” – men det krever kanskje ikke så mye?
God helg til deg og dine!