Fest, Fredag
Comments 6

Den store planen


Eg planlegg aldri så nøye som når eg skal lage mat til fest. Det hadde sikkert lønt seg for meg å planlegge nøyare i andre situasjonar og, men der har eg nokre utfordringar. Men iallfall: Her er arbeidsplanen for matlaginga til konfirmasjonen til den fine guten min, med alle oppgåver detaljert for morgondagen og laurdagen:

Fredag heime G&K:

Lage grønnsaksterte

Bake cheesecake brownie

Lage to vinaigrettar

Lage sjokolademousse

Lage pannacotta

Lage gelé

Lage hummus

Hente gravlaks og sennepssaus hos H

Avtale blomsterhenting med H

Kjøpe vaniljesaus til geléen

Finn ut kven som kan kjøpe brød laurdag morgon

Hente mineralvatn hos Singh

Fredag i festlokalet G&E:

Ha aioli, dressingar og hummus i skåler med plast over. Merk med kva dei tilhøyrer

Sette alt på kjøl

Finne fram eldfaste former til kjøttbollar og kyllingfilet

Finne fram serveringsfat og serveringsbestikk

Legge på dukar

Legge på glas, bestikk, serviettar og bordkort

Sette lysestakar med telys i på bordet

Laurdag kl. 10 M&I:

Knekke asparges, koke dei i godt salta vatn i 3 minutt, rett i kaldt vatn. La renne av. Ta tre og tre, lind saman med parmaskinke. Legg på fat. Dekk og kjøl.

Skjere opp gravlaks, legge på fat, pynte med dill, dekk og kjøl

Kl. 11:00 M&I:

Skrelle og kutte poteter i små terningar til dillstua poteter.

Dampe i 15 minutt

Saus av 4 ss smør, 3 ss mjøl, 1 l mjølk, salt og peppar, hakka dill

Anrette skagenrøre med dill og lodderogn, dekk og kjøl.

12:00 M&I:

Kok opp saltvatn til potetene

Kok potetene i 15 minutt

Hell av vatn og la dei dampe under lok.

Ovnssteke scampi, 15 minutt på 180 grader i varmluftsovn

Skylle og fjerne stilkar av tomatar, kutte redikkar

Ha kjøttbollane i eldfast form, slå over tomatsaus, salte og sukre og sett på 180 grader.

Kl. 13:00 M&I:

Legge salaten på fat, ha på cherrytomatar, sukkererter, redikkar og pecorino

Sett kyllingfiletane i omnen, slå på væske og la dampe.

Legge ørret på fat oppå ruccola

Sette fram champagneglas

Sette alt utover

Tenne lys

13:30, Rett før vi går til bords:

Anrett kyllingen på fat med bladpersille

Ringle balsamico over aspargesane

Sjekke at alt er på plass, inkl. serveringsbestikk

Sette fram mineralvatn og vin

Puh…

This entry was posted in: Fest, Fredag

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. Inger Lise says

    Hei Alt godt,

    Tillykke med den store familiedagen og ikkje minst Gratulerer til konfirmanten. Kos dokke, det er kjekt med familiekalas. Og med så masse deilig mat kunne eg godt tenkt meg å vore ei fluge på bordet. Klem
    Inger Lise

    Likar

  2. tigeranda says

    Lukke til og kos dykk! Håpar både du og konfirmanten får ei fin helg.

    Likar

  3. Kan jeg bare få si: hatten av til deg! Som om det ikke er nok styr med en konfirmasjon uten å lage maten. Alt høres veldig fristende ut, særlig kakene, og jeg er sikker på det blir meget vellykket. Var nok lurt å sette opp en sånn plan.

    Lykke til – håper dagen blir særs vellykka!

    Likar

  4. Sol says

    Lykke til! Det er et slit, men tenk så godt når alt er klart! Gratulerer med og til konfirmanten også. 🙂

    Likar

  5. Jeg vil også si grattis den den fine konfirmanten. Dette ser ut til å bli en skikkelig kjempebra fest…. og jeg kunne også tenkt meg å være flue på det bordet 😀

    Likar

  6. Tilbakeping: Cheesecake Brownie « Alt godt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s