All posts filed under: Lykke

Vegen til hjarta mitt


Vegen til mannen sitt hjarte går gjennom magen, vi er ikkje gamle før vi lærer det. Men kvar går vegen til mitt hjarte? Då meiner eg ikkje den første autostradaen som ligg klar og open, og ber han bergta meg. Eg meiner kvardagsvegen, den vegen som må gåast om att og om att, som ein sti som ikkje får gro att. Som eit sauetrakk i fjellet, som ein sti over mark og eng. Der vi må gå fram og attende begge to, for å kjenne oss nær kvarandre og for å huske på kvifor autostradaen lå open for eit års tid sidan. Min kjære har forstått det. Vegen til mitt hjarte er blomekledd. Når han ser fine blomar utanfor ein innvandrarbutikk stoppar han, og kjøper med seg ein bukett eller to. Og eg blir alltid like hoppande glad. Sjølv om det betyr at eg må vaske vase, blande næringspulver, kutte stilkar og dandere rett før gjestane kjem. For eg veit at han gjer det utelukkande for å gjere meg lukkeleg. No har eg ein bukett …

Sentrum Scene: Ane Brun


Kjæresten min tok meg med på konsert med Ane Brun på Sentrum scene i går kveld. eg har høyrt platene hennar, og høyrt henne synge saman med andre, men aldri sett henne live. Den siste plata hennar har fått strålande kritikkar, men på konserten spelte ho ikkje berre sangar frå den. Ho supplerte også med «gamle klassikere», som ho kalte sine eigne gamle sangar. Personen Ane Brun sto i sentrum på denne konserten, og det vart framheva med lyssetting og scenedesign. Dekoren på scena var enkel, men veldig effektfull. Ein bakvegg sydd av sekkestrie skifta farge frå song til song, av og til såg den ut som om den var av silke, av og til var den ru som ein brannmur. Lyskastarane som var vende ut mot publikum ga det heile eit industrielt preg, sjølv om det likevel var eit varmt lys over scena. Ane Brun er veldig sikker, både som utøvar og opphavskvinne. Ho har eit variert repertoar, og det musikalske uttrykket vart aldri kjedeleg. Ho har ei god scenisk framtoning, og bevegar seg naturleg …

Kveldskos for to


Når kvelden kjem, og den eine har spist sushi og den andre har spist pølse med brød til middag, då treng ein noko lite som mettar og smakar godt. På eit eller anna tidspunkt vart eg klar over at eg hadde mykje kjeks og slikt liggande i skuffene. Då gjeld det å finne ein måte å spise det opp på. Eg lagde ein smakfull ostekrem, som kan spisast både på kjeks og som dip. Eg brukte soltørka tomatar som har lege i olje. Viss du har tørre bør du legge dei i kokande vatn ei stund, elles blir dei som tyggegummi i ostekremen. Slik gjorde eg det: Ostekrem med soltørka tomatar 200 g kremost naturell 4 ss hakka, soltørka tomatar 2 fedd kvitløk 2 ss yoghurt naturell 2 ts herbes de provence Nykverna peppar og salt Litt sitronsaft Ha halvparten av osten, yoghurt og kvitløk i ei matmølle. Køyr det glatt. Ha i provence-krydder, peppar og halvparten av dei soltørka tomatane og la det køyre litt til. Ha kremen over i ein bolle, og rør inn …

You make me live


Ooo. you make me live whatever this world can give to me It’s you, you’re all I see Ooo, you make me live now honey Ooo, you make me live You’re the best friend that I ever had I’ve been with you such a long time You’re my sunshine And I want you to know That my feelings are true I really love you You’re my best friend Ooo, you make me live I’ve been wandering round But I still come back to you In rain or shine You’ve stood by me I’m happy, happy at home You’re my best friend. You’re the first one When things turn out bad You know I’ll never be lonely You’re my only one And I love The things that you do You’re my best friend Ooo, you make me live. I’m happy, happy at home You’re my best friend You’re my best friend Ooo, you make me live You, you’re my best friend.

Huska eg på å fortelje…


…at det er (eller var) kantarellar på Eika? Lysande gule og fine sto dei der og venta på ei som kunne sette pris på slikt. Der er sikkert meir, berre du leitar. Akkurat kvar eg fann dei vil eg sjølvsagt ikkje seie, kantarellplassane kan ein ikkje dele med nokon. Men der var ein del å ta av, det kan eg seie. Gå litt utanfor grusstien, så får du noko gyldent og vakkert å ha på brødskiva, i risottoen, til pasta eller i ein god saus. Mmmm!

I don’t want to bore you with it…


I see us in the park strolling the summer days of imaginings in my head. And words from our hearts told only to the winds felt even without being said. I don’t want to bore you with my trouble But there’s something ’bout your love that makes me weak and knocks me off my feet. There’s something ’bout your love that makes me weak and knocks me off my feet knocks me off my feet. I don’t want to bore you with it oh but I love you I love you I love you. I don’t want to bore you with it oh but I love you I love you I love you more and more. Stevie Wonder

Og i dag…


…viss du lurer på kva du skal finne på, og du er i Oslo: Kom til Ila skule, og gå på loppemarknaden der! Der er det masse fint, deilige vafler, snille korpsforeldre og flotte lopper til gode prisar. Vi skal iallfall dit! Ila ligg i Fougstads gate 10, 21-bussen til Falch Ytters plass og gå opp Fougstads gate, eller ta 37-bussen til St.Hanshaugen og gå opp Geitmyrsveien og så ned Brandts gate.

Bruktmarknad på St.Hanshaugen


Er du i byen i morgon? i så fall bør du ta turen opp Geirmyrsveien. Stikk inn i bakgården i nummer 31, der finn du den finaste bruktmarknaden i byen! St.Hanshaugens glamorøse damer har rydda i skapa sine, og teke fram det dei ikkje brukar meir. Der kan du finne skattar i form av klede, sko og tilbehør til ein relativt billig penge. Dette er damer med god smak, så be prepared to be amazed!

Ein av dei siste?


Ja, eg må vel innrømme at eg trur det. I går var ein av dei siste sommardagane. Eg var så heldig at eg fekk tilbringe kvelden på Oslofjorden, i ei skute med master og segl. Det var fleire slike på fjorden i går, mellom anna den du ser under. Det var ein fin kveld, med fine folk.

Har eg fortalt


at kjæresten min ofte tek meg med på veldig fine konsertar? Denne vekar har det vore unntakstilstand i livet mitt, med retur til Norge, matlaging, lanseringsfest og opprydding, så for å samle meg saman igjen tok han meg med til Sentrum Scene i går, på Oslo Jazzfestival sin konsert med Susanne Sundfør. Ho hadde med seg eit synth-stjernelag, som besto av Ådne Meisfjord (120 Days), Øystein Moen (Jaga Jazzist/Puma), Morten Qvenild (Susanna & The Magical Orchestra/The National Bank) og Christian Wallumrød (Christian Wallumrød Ensemble/Close Erase). Bestillingsverket ”A Night at Salle Pleyel” er komponert for fem Blofeld-synthesizarar, og inspirasjonen til tittelen kom etter ein konsert i den parisiske konsertsalen Salle Pleyel der Sundfør høyrde musikk av Rakhmaninov og Stravinskij. At verket er klassisk inspirert var tydeleg, med ei klar satsinndeling, sterk struktur og nærast bach-liknande fraseringar. Det var lekkert komponert og framført, og ikkje minst var samspelet mellom scenedesign, lysdesign og musikk fascinerande. Til og med ein pikardisk ters fekk ho med på slutten av tredje sats. Enkelte i salen var skuffa over at ho ikkje song, men …

Boligbytte i Oxford


God morgon! Vi kom hit til Oxford i går ettermiddag, og har flytta inn i eit klassisk britisk mursteinsrekkehus over fem etasjar. I underetasjen har dei vi bur med privat praksis, du veit slik med benk og prating om livet. I hovudetasjen har vi stove, gang og eit romsleg kjøkken, og utgang til ein nydeleg hage med lysthus, huske og blomar. I andre etasje er det bad, foreldresoverom og eit musikkrom med eit flygel! Over der har barna sine to soverom, og på toppen er det eit loftsrom som vi ikkje brukar. Romsleg, altså. I går fann vi ein fin pub, og spiste deilig engelsk pubmiddag med sheperd’s pie, rib eye steak og bangers and mash. Ostekakene vi fekk til dessert var nydelege. I dag skal vi gjere oss kjent i Oxford, puben vi spiste på i går var ikkje i sentrum, så vi fekk berre sett sentrum gjennom buss- og taxi-vindauga. Vi gler oss!

Til Trøndelagen


I dag fer eg i Trøndelag, til GundaM. Vi skal safte og sylte heile helga, og det heile skal brukast i ei fin bok som GundaM skal ta bilda til, og som eg skal skrive. Eg gler meg villt, eg vonar berre vi finn nok bær å bruke! Er det stikkelsbær i Trøndelag no, eller er det for tidleg? Det hadde vore artig å lage noko med stikkelsbær. Sei frå om du veit om! Bilde: Wikipedia

På andre sida av plenen


I oktober 2009 drog eg til Paris for å lukte på parfymer og kose meg. Gjennom boligbytte.no kom eg i kontakt med ein journalist som var bortreist i den perioden eg ville vere i Paris, og som derfor ville låne meg husværet sitt. Så eg koste meg i hans ungkarshusvære i fem dagar. Denne sommaren har eg tilbode han gjengjeld, og han kom i går kveld saman med ein kamerat. Så vi har midlertidig flytta ut og over plenen til kjære Ovedia. Ho er heime åleine, og har ledig gutterom på loftet der vi får bu. No har vi fine middagar i hagen, med caprese-salat, grilla kylling, aioli og rista landbrød. Lykka er å ha gode vener! Caprese a’la Ovedia 400 g søte cherrytomatar Ein raud løk Ein kinesisk kvitløk To ballar bøffelmozarella Ein neve basilikumblad Ein raud chili Sitronsaft Olivenolje Salt og peppar Rens løk og kvitløk, og kutt dei i små bitar. Del chilien i to, og fjern frøa. Hakk den relativt fint, og bland med løk på eit vidt fat. Skjer tomatane …

Slik var bordet pynta


Eg syns alltid det er spennande med bordpynting, sikkert fordi eg ikkje føler meg som spesielt trygg i faget sjølv. Eg har skrive litt om bordpynting her før, og eg er oppteken av at ein kan få det fint, ja til og med imponerande og lekkert, med enkle middel. I bryllupet til verdas mest forelska par var fargane dempa, med beige, brunt og lavendel/pudderfarge som gjennomgangstema. Blomane som var brukt i dekorasjonane var roser og fresia, i buketten var det i tillegg brukt peonar og olivengreiner. For å fylle ut var det brukt ulike typar strå. Rosene var store, men ikkje prangande i fargen. Kan eg kalle dei lavendelrosa? Borddekorasjonen besto av vasar, du finn same typen på IKEA. Kvar vase var fylt med to roser, ei kutta litt lengre enn den andre, og ei grein med fresia. I vatnet låg det nokre roseblad. Vanlegvis er dette fy-fy i bukettar, men desse skulle så så kort, så det gjorde ingenting, det skapte berre farge ned mot bordet. Det heile var runda av med to-tre slanke strå …

Verdas mest forelska par


Ja, dei er det, desse to fine som gifta seg i helga. Dei har funne fram til noko som mange leitar etter, og ikkje minst har dei vit til å ta vare på det gode dei har funne. Mitt bidrag til feiringa var ein song i kyrkja, og denne kaka. Det var ei ære og ei glede å få lov til å bidra. Mange andre var med på å gjere dette til ei fin feiring. Søster, bror, vennar og venninner lagde flotte utdrikningslag. Eit søskenbarn lagde rebusløp og masse fellesaktivitetar på Øvresetertjern fredag kveld. Koret som brura syng i song i kyrkja. Eit svigersøskenbarn fotograferte. Tanter og mødre hjalp til med borddekking, bordpynt og kakebakst. Nokre bidrog økonomisk, til dømes til bryllupsreise, kjole, kjole og kvitt og meir til. I går var vi samla heime hos brudeparet, då var alle gjestane invitert til grillfest medbrakt barn. Eit søskenbarn med sambuar lagde salatar, grillmat, dressingar og foccaccia til femti gjestar. Vi har blitt rista saman, møtt nye menneske og feira to av dei finaste vi kjenner. …

Når ein først er pjusk…


-så gjer det ingenting at NRK har bestemt seg for å vise M/S Nord-Norge si reise frå Bergen til Kirkenes. Eg har tidlegare fortalt om mitt spesielle forhold til Hurtigruta, eller Hurtigruten, som den eigentleg heiter. Eg er fødd ombord i M/S Lofoten, så desse båtane ligg mitt hjarte nær. Difor er det eit fortreffeleg tidsfordriv å sjå ferda nordover på tv. Eg trur ingen forsto at dette skulle bli ein suksess, men det har det blitt. På facebook-sida til sendinga går praten natta igjennom, og både plassar, ruta og musikken som blir spelt vert livleg diskutert. Følgjer du med? Bur du der nord, og er ute i båten din, eller var du med i Lødingen sykkelklubb, som sykla jamsides med Hurtigruta mellom Raftsundet? Var det du som sende ei helsing til Bitta? Eg veit iallfall at mor mi og venninna hennar står på kaia på Finnsnes i dag litt over elleve, så vink litt ekstra frå sofaen eller frå kontorpulten din akkurat då. Send ein tanke til ho som vart sendt med M/S Lofoten …

You bring the sun out


You bring the sun out To warm my life up To make my love grow everyday You bring the stars out To light the night up To make the darkness go away You bring the sun out To warm my life up To make my love grow everyday You bring the stars out To light the night up To make the darkness go away I reach to you You reach to me Not matter where I go I know you’ll always be Never to far Far from my heart I’ll always have you here I always know you’re near You bring the sun out To warm my life up To make my love grow everyday You bring the stars out To light the night up To make the darkness go away  

Ein god idé


Eg kjenner nokre fine matmenneske, det vil seie at dei er like matnerdete (til dels meir enn, faktisk) som meg. Her om dagen gjorde vi ein avtale om at vi skulle møtast, og bytte kokebøker som vi aldri brukar. Det er jo alltid nokre som vert ståande ubrukte i hylla, eller du har laga den eine gode oppskrifta så mange gongar at du kan den utanat. Det er ein god tanke å få slike bøker i sirkulasjon til andre som kan ha bruk for dei, syns eg. Ein manns søppel er ein annan manns gull, seiest det. Det gjeld til fulle i slike situasjonar. Difor samlast vi, ein liten gjeng med matentusiastar, for å bytte/gje bort kokebøker. Nokre av dei vi inviterte var ikkje så erfarne på kjøkkenet som oss, dei fekk sjølvsagt forsyne seg fritt utan å bytte med noko tilbake. Som du ser på bildet under var det ein smule kaotisk, litt vin, te og pikekyss vart servert, samt godt brød og ein dugeleg porsjon hummus. Meir skal det ikkje til for å …

Eg må berre seie det.


Eg har eit lite vesen som sit på eine skuldra mi og seier: No sa du det igjen. «Du er så fin.» «Eg har det så godt saman med deg.» Det er så deilig å vere kjæresten din.» «Eg elskar deg.» «Du berre gjentek deg sjølv», seier vesenet. «Det er berre ordgyteri. Når du seier det så ofte fell verdien av det du seier.» Men eg feiar dette kritiske vesenet ned av skuldra mi, og seier det så ofte som eg har lyst til: Du er så fin. Det er så deilig å vere kjæresten din. Eg elskar deg. Det blir ikkje mindre sant fordi om eg seier det kvar dag, tvert om. Det vert sannare og sannare for kvar dag som går.

Du gjorde det igen


Du gjorde det igen Alldeles nyss Du sa det där man aldrig får säga Du sa det till mig, det outhärdligt hänsynstlöst förbjudna Du sa jag älskar dig, jag älskar dig, jag älskar dig Du la din hand på min rygg Jag vände mig om och du gjorde det man aldrig får göra Du strök min panna med stora, värma, sträva, trygga händer och sa, jag älskar dig, jag älskar dig, jag älskar dig Säg det igen, säg det igen, säg det igen Jag vill höra, så säg det igen, säg det igen, säg det igen, säg det igen. Nu blir jag aldrig mera fri, nu har du mig fast Jag kan aldrig nånsin leva förutan Du sa det till mig, det jag längtat hela livet att få höra Du sa, jag älskar dig, jag älskar dig, jag älskar dig Och säg det igen, säg det igen, säg det igen, jag vill höra, så säg det igen, säg det igen, säg det igen, säg det igen, säg det igen

Menyen i dag


Eg har fått spørsmål om kva som skal serverast på bursdagsfesten, som faktisk er ein felles bursdagsfest for min kjære og meg. Her er menyen: Tortilla Tomatrøre – Pan catalan Tapenade – Olivenrøre Albondigas – Kjøttbollar i tomatsaus  Gazpacho – kald tomatsuppe Spansk kikertsuppe Sopp, gratinert i tomatsaus Aïoli Saltbakte poteter Empanadas Oliven, grøne og svarte Dessert: Manchego med fikenmarmelade Melon  – Oppskoren honningmelon, galiamelon, nettmelon Kaker – Ostekake, gulrotkake, pavlova Oppskriftene som manglar kjem etter kvart! 🙂