Kunst, Lykke
Leave a Comment

Sentrum Scene: Ane Brun

Kjæresten min tok meg med på konsert med Ane Brun på Sentrum scene i går kveld. eg har høyrt platene hennar, og høyrt henne synge saman med andre, men aldri sett henne live.

Den siste plata hennar har fått strålande kritikkar, men på konserten spelte ho ikkje berre sangar frå den. Ho supplerte også med “gamle klassikere”, som ho kalte sine eigne gamle sangar.

Personen Ane Brun sto i sentrum på denne konserten, og det vart framheva med lyssetting og scenedesign. Dekoren på scena var enkel, men veldig effektfull. Ein bakvegg sydd av sekkestrie skifta farge frå song til song, av og til såg den ut som om den var av silke, av og til var den ru som ein brannmur. Lyskastarane som var vende ut mot publikum ga det heile eit industrielt preg, sjølv om det likevel var eit varmt lys over scena.

Ane Brun er veldig sikker, både som utøvar og opphavskvinne. Ho har eit variert repertoar, og det musikalske uttrykket vart aldri kjedeleg. Ho har ei god scenisk framtoning, og bevegar seg naturleg og vakkert. Eg får kjensla av at ho føler seg fri på scena, og det er fint å sjå.

Det tok lang tid før ho sa noko særleg, men på slutten så var ho direkte pratesalig, på ein god måte. Ho snakka om utfordringane med å skrive på norsk, og ho fortalde små historier knytta til sangane ho framførte. 

Og vi fekk mange ekstranummer. Eg elskar ekstranummer. “Når vi likevel er her”, sa ho då ho kom inn for siste gong, og så gjorde dei tre låtar til. Gull. 

Det mest rørande ved musikken hennar er for meg likevel tekstane. Det handlar om livet, døden og kjærleiken, men på ein ukunstla, lettflytande måte med stort rom for metaforar og tankesprang. Ho brukar repetisjonar slik at teksten også får nærmast ein rytmisk effekt. Her er eit døme på kor enkelt ho gjer det:

To let myself flow
Is the only way of being
There’s no use telling me
There’s no use taking a step back
A step back for me…

 

This entry was posted in: Kunst, Lykke

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply