Frikassé er klassisk haustsøndagsmat for meg, nydeleg kokt kjøt i ein sursøt saus og raust med grønsaker som er på sitt beste akkurat no.
Frikassé kan lagast med storfekjøt, sauekjøt eller kylling/høne, og denne gongen lagde eg den på ein stor kylling frå Prior. Dei har store ferske kyllingar som er perfekte til frikassé. Høns er nesten ikkje råd å få tak i lenger. Denne porsjonen er til fire svoltne personar. Slik gjorde eg det:
1 stor kylling, ca. 1200 gram
1 gulrot
Ein gul løk
Det grøne av ein purre
2 ts heil peppar
2 laurbærblad
Saus:
1,5 liter hønsekraft
1 dl avkjølt kraft
2 ss mjøl
2 ss kvit eddik
1 ss sukker
Salt og peppar
4 gulrøtter
Ein purre
To pastinakkar eller persillerøtter
Skyll kyllingen godt, og ha den i ei gryta saman med ei gulrot, ein løk, purreavskjer, peppar og laurbærblad. Kok opp og skum av. La dette trekke i ca. 40 minutt. Legg kyllingen på eit fat til kolning, og sil krafta. Kast grønsakene frå kraftkokinga. Ta til side 1 dl kraft.
Ha krafta over i ein rein kjele, og kok den opp. Rens grønsakene, og ha dei i krafta. Ha i salt. La den koke til dei er møre, ca. 15-20 minutt. Rør 1 dl kraft med 2 ss mjøl til det blir glatt, og slå det i krafta. Rør godt, og la den koke opp. La den koke i 6-8 minutt.
Rens kyllingen frå skroget, og ha kjøtet i krafta. Ha i eddik og sukker, og smak til med meir salt og peppar. Server med kokte poteter.