Ein fin dag
God morgon! Eg gir meg sjølv ein blome, og ynskjer alle dokke som stikk innom i dag ein fin dag! 😀
God morgon! Eg gir meg sjølv ein blome, og ynskjer alle dokke som stikk innom i dag ein fin dag! 😀
Opphav: xkcd.com
Vi jobbar med å få orden i huset. Her midt i byen bur vi så kompakt at vinter- og sommarklede må bytte plass i skapa, og ting som ikkje passar eller som ikkje vert brukt må selgast, gjevast bort eller kastast. Det krev organisering og system i kaoset, og dessutan bør jo alt vaskast før det vert lagt bort og etter at det er teke fram. Eg er glad for nytt tørkeskap, for vaskemaskina går jamnt og trutt. Når så i tillegg min kjære har kome med sine ting, vert det trangt. Han har samla på seg eit stort antall t-skjorter med fine, minneverdige motiv som det ikkje berre er å kvitte seg med. Dei må bli med, og dei tek opp plass. Ei kasse har blitt flytta på rafta, dei får kvile der litt før dei blir rullert med dei som no er i skapet. Noko av det som er fint med å rydde på denne måten er alt ein får gitt bort. Vi gir mykje til loppemarknader, men eg gir også bort ting …
Vi var på konsert med Emma Kirkby i går på Caféteatret, og det var ei fantastisk oppleving. Barokkanerne spelar på tidleginstrument, og har ein presisjon og eit foredrag som imponerer. Lutenisten Elizabeth Kenny leier dei gjennom dei første verka i konserten med bravour. Eg har aldri sett nokon dirigere med nasetippen på den måten før, og det fungerte. Dame Emma Kirkby debuterte i 1974, og er heilt uskolert som sangar. Ho byrja i kor, og prøvesong for mange lærarar og skular, som meinte ho hadde for veik stemme til å kunne bli til noko. Ho var med å starte the Taverner Choir, og du ser på måten ho opptrer på scena på at ho først og fremst er ein medmusikant. Ho lyttar aktivt til det dei andre gjer når ho har «partiturfri», og er verkeleg ein levande del av ensemblet. På repertoaret hennar står hovudsakleg renessanse- og barokkmusikk, og det var også tilfelle i går. Hovudbolken var musikk av John Dowland, ein komponist som ho nærast har spesialisert seg på. I tillegg framførte dei eit …
No er vi fire her i huset. Oh, sweet love. With all my heart I love you baby Stay with me and you will see My arms will hold you, baby Never leave, «cause I believe I’m in love, sweet love Hear me calling out your name, I feel no shame I’m in love, sweet love Don’t you ever go away, it’ll always be this way Oh, your heart has called me closer to you I will be all that you need Just trust in what we’re feeling Never leave «cause baby, I believe There’s no stronger love in this world Oh, baby no, you’re my man, I’m your girl I’ll never go, wait and see, can’t be wrong Don’t you know this is where you belong Oh my sweetest dream how lovely baby Stay right here, never fear I will be all that you need Never leave, «cause baby, I believe
Emma Kirkby syng i Oslo på tirsdag! Barokkanerne har konsert på Caféteatret, og har med Dame Kirkby som solist. Dette er eit sjeldant høve, så vidt eg veit var ho i Noreg sist i 2005 under kyrkjemusikkfestivalen. Skund deg, billettane vert sikkert fort utselde. http://www.billettluka.no/cafeteatret Turnéen denne gongen ser slik ut: • Søndag 1/5 kl. 1900: Arena scene i Moss • Mandag 2/5 kl. 1930: Hedmarksmuseets aula, Musikkens venner Hamar og omegn • Tirsdag 3/5 kl. 1930: Cafebarokk, Cafeteatret i Oslo • Onsdag 4/5 kl. 2000: Resonans, Gjøvik Emma Kirkby har ein vakker, slank renessanse-/barokksopran, størst inntrykk på meg gjorde ho i ei innspeling av Pergolesis Stabat Mater som eg har skrive om tidlegare her i bloggen. Ho burde vere mykje meir kjent enn ho er, så uttrykksfullt, vakkert og presist som ho syng. Her får du høyre ei innspeling av An evening hymn av Henry Purcell. Now that the sun hath made his flight and bids the world goodnight to the soft bed my body I dispose, but where shall my soul repose ? Dear God, even in …
Säg till om jag stör, sa han när han steg in, så går jag med detsamma. Du inte bara stör, svarade jag, du rubbar hela min existens. Välkommen. Eeva Kilpi
Rapportane mine blir litt hulter til bulter, men det får vere. Dagane er hulter til bulter og, så det er eigentleg ganske representativt for reisa vår. Detaljplanlegging er ikkje blant våre satsingsområde. Vi var og såg Topographie des Terrors, den store utstillinga som beskriv korleis det Hitlerstyrte tyske riket oppsto, regjerte og fall. Skræmande, grundig og tankevekkande. Bildet under er av eit datakort (!!) som vart brukt for å måle og beskrive kroppslege karakteristika. Hvorfor gjorde de det da, spurde femtenåringen, og eg vart svar skuldig. Det var litt trivelegare på Alexanderplatz, der hadde dei funne eit høve til å lage fest, det var ganske enkelt ein vårfestival, med telt, servering og underhalding. Vi vart imponert over store gryter med gulasj, steikt sopp, poteter og masse andre gode greier. Dei kan krangle så busta fyk, desse to barna mine, men av og til er dei uendeleg søte mot kvarandre. Eg kunne ikkje anna enn å slakke på, og ta eit bilde av dei då dei gjekk bortover mot Potsdamer Platz.
Har eg fortalt deg om forrige laurdag? Det skjedde sikkert mykje i byen då, men det min kjære og eg var med på var opninga av gangbrua over spora på Oslo S, brua som går frå Grønland, Annette Thommessens plass og over til Bjørvika. Brua har teknisk sett fått det prosaiske namnet Stasjonsinngang Øst, fordi det med tida vil kome trapper ned til stasjonsspora frå den. Denne gangbrua vart altså opna med ordførar og pomp og prakt, og det var mange arrangement i området for å markere dette evenementet. I tillegg var det bestilt eit performancekunstverk av kunstnarduoen Stian Ådlandsvik & Lutz-Rainer Müller. Dei lagde verket Bakomland, som skulle vere med på å prege opninga. Verket skulle vere eit kjærleikserklæring til menneska, prosjektet og byen, og besto i at ca. 50 kjærestepar skulle stå på brua og kysse og kose medan folk som kom for å gå over brua passerte. Vi vart oppringt av eit castingbyrå, fordi dei sleit med å finne folk over førti som ville kysse. Vi ville altså, så difor tilbrakte vi laurdagen frå …
Nei, vi har faktisk fått låne det. Glasmagasinet har vore så rause at vi kunne kome og hente det vi trengte til fotograferinga av Smalhans. Så her ser du det vi har å boltre oss med, i tillegg til det som allereie er på mitt eige kjøkken. I dag går vi i gang for fullt, vi byrjar dagen med å handle inn, og så går det slag i slag heile helga med matlaging. Mandag kjem fotografen, så då vert kjøkkenet mitt gjort om til fotostudio. Stas!
Våren er i gang! Eg fann dei første snøklokkene i går og, men dei var lukka og det byrja å skumre, så eg klarte ikkje å få eit skikkeleg bilde av dei i farta. Det klarte eg derimot faktisk med desse perleblomane. No har tolvåringen fått nye vårsko, og femtenåringen masar også, så eg må vel til pers. Jaja, det høyrer med til årstida. Ha ein fin dag!
I dag vender vi nasa nordover, min kjære og eg. Dei to ikkje fullt så små er der oppe allereie, dei har tilbrakt ei veke allereie med bestemor og slekt og venner. Det blir masse besøk og slarving på oss og, vi skal ikkje stå på ski, men gå frå dør til dør og drikke kaffi, tenker eg. Fjortenåringen vart femten i går, så det skal behørig feirast i morgon, med heilt andre gjestar til stades enn dei som vanlegvis er der. Men det blir nok eit selskap i Oslo når vi kjem ned att, kjenner eg henne rett. Det er koseleg å ha ankerfeste fleire plassar i landet. Slekta er stor, vi held kontakt på facebook og andre kanalar, men det er noko spesielt med å møtast ansikt til ansikt. Vi gler oss!
I julegåve fekk eg eit te- og sjokoladekurs i regi av Palais de Thés. Eg har vore innom der og handla te tidlegare, men det var veldig spennande å få ein nærare introduksjon til teane dei har i butikken. Vi fekk smake på 13 ulike tear i løpet av kvelden, av svært forskjellig karakter. Wong, som leia te-delen av kurset er utruleg kunnskapsrik, og sprudla over med te-inspirasjon. Vi smakte oss igjennom fem menyar med to ulike tesortar til ein sort sjokolade, frå kvit sjokolade til sjokolade med 100% kakaoinnhald. Heftig og deilig. Ikkje minst var det artig å treffe Sebastien frå Sebastien Bruno, som driv sjokoladebutikk i Skovveien. Han har mellom anna laga konfektar inspirert av teane til Palais de Thés. Det var ei heilt ny oppleving! Sjekk ut nettsidene til Palais de Thés, dei har slike kurs kvar månad. No på søndag har dei te-fest i butikken på Olaf Ryes plass, med te, makronar og aktivitetar for heile familien frå kl. 13 til kl. 17. Stikk ein tur innom om du er i …
«I gamle dagar» song eg i eit skikkeleg bra kor, om eg skal seie det sjølv. Vi framførte mykje samtidsmusikk, store symfoniske verk og hadde a capella-konsertar med avansert program. Etter ein sesong med krevande, store verk fekk vi utdelt «Förklädd gud» av Lars-Erik Larsson. Vi hadde ikkje meir enn kasta eit blikk på det før vi snøfta overlegent: Husmortersar. Dette var enkelt materiale, eigentleg forsto vi ikkje heilt kvifor vi skulle framføre dette. Kunne ikkje amatørane ta seg av denne typen stoff? Men dirigenten vår var standhaftig, og det sto på orkesterprogrammet, så det var ikkje noko å diskutere. Vi sleit oss uinspirerte gjennom noteheftet. Så kom tida for orkesterprøvene. Vi hadde fått vite at Ernst-Hugo Järegård skulle resitere teksten, men så vart han brått sjuk. Som vikar fekk dei tak i Stina Ekblad. Ho hadde eit barn som var rundt eit år, trur eg, så ho hadde med barnepike som passa barnet medan vi hadde prøver. Midt under ei prøve kom barnepassaren inn med barnet, som gret sine modige tårer. Koret sto klart, …
Det er berre noko handelstanden har funne på, for å få selt ting med hjarte på, blomar og smykke. Vi var einige om det. Han tok ein avsjekk, han hadde gjort ein avtale på mandag, eg reagerte ikkje på datoen før han dobbeltsjekka. Eg farta rundt med bilen, ordna masse greier, hadde fått vite at avtalen med kompisen var kansellert, og tenkte at eg skulle lage middag – slik eg brukar å gjere. Fekk ikkje tak i han, prøvde sms og msn. Borte. Eg kom heim med masse greier, og der sto han, sveitt og litt stressa, med soppstuing, biff, salat med asparges og pinjekjerner og god, god vin. Epleis med flapjacks til dessert, og ein fin kveld anføttes i sofaen. How sweet it is, honey.
Eg brukar tv-opptakaren mykje. I natt sat eg oppe og såg på Skavlan frå slutten av januar. Eg er visst ikkje heilt ajour. I det programmet intervjua han Gudrun Schyman, og det vart eit fascinerande møte. Ho er herostratisk berømt for sine alkoholproblem, men det var ikkje det som gjorde at eg sat med tårer i augene. Det var forteljinga hennar om korleis ho møtte han som ho no lever med, Jacques. Hennar skildring av den sterke, overveldande, reservasjonslause kjærleiken rørte meg. Hennar kjærast kom til henne i juni på besøk, kom attende i august og dro aldri tilbake. Eg kjende meg att i den kjensla, og delar hennar tankar om den. Ho fortalde om å bruke omgrepet «eg elskar deg», kor nytt og kor sant det har blitt for henne. Dette omgrepet, som fram til då hadde vore eksklusivt for barna hennar, vart brått gyldig for mannen ho ville dele livet sitt med. Eg har også vore sparsam med det omgrepet, det har ikkje blitt sløst med. Det er eit omgrep som eg må …
I går hadde vi ein liten spontanfest her heime hos oss. Vi fekk ei tekstmelding på morgonen, om at ei venninne ville spele brettspel med oss. Svaret var gjerne, og vi kan ha det her. Vi vart fem til bords, og vi byrja med denne wok-retten: Svinewok til fire (neida, det var nok til fem, eg er berre litt raus med porsjonane.) 500 g svinekjøt Ein skalk kål Ein halv purre Ein paprika Ein liten pose bønnespirar 1 ss riven ingefær 3 fedd kvitløk Ein neve sukkererter 4 ss soyasaus 3 ss søt chilisaus 3 ss østerssaus 2 dl vatn 2 ts fivespice-krydder 1 dl olje til steiking, raps eller soya. 400 g eggnudlar Finhakk alle grønsakene. Legg til side. Set på godt salta kokevatn til eggnudlane. Hell olje i woken, og ha i kjøtet i porsjonar. Steik til det ikkje lenger kjem ut blod, og kjøtet har fått fin farge. Ta ut kjøtet av woken, og ha i ingefær og pressa kvitløk. La det frese litt, før du har i resten av grønsakene. Ha …
I dag er ein fin dag! Ein lang morgon med kjæreste, aviser, god te og frukost er aldri feil. I tillegg har eg hatt eit inspirerande møte med ei som eg er sikker på kan hjelpe meg med eit prosjekt eg held på med, tusen takk for innspel og løft! No skal eg ut i verda og treffe to fine damer, ei av dei har invitert oss på middag, og det gler eg meg til. I morgon skal vi spise middag med gode vener, og så blir det sikkert masse kos, te, litt rydding og generelt velvære. Eg ynskjer alle som kjem innom ei fin helg, husk på å seie kor mykje dei du har rundt deg betyr for deg. Å få vite slikt løfter ein, og det treng ein av og til.
Tre og ein halv månad har gått sidan vi var her. I går kveld spelte Wildbirds and Peacedrums i Oslo igjen, og vi var der saman. Kva er det som skjer når kjærleiken oppstår, bryt ut, eksploderer og omfamnar? Eg har ingen svar, men eg kan fortelje deg at når det skjer så merkar du det. Tre og ein halv månad har vi hatt i lag. To menneske som vil det same på same tid, som ikkje vert skremde av å snakke om å flytte saman etter to dagar, som tenker alle tankar heilt ut men som ikkje har det travelt. For meg handlar det om å bli sett. Om å kunne vere ærleg og open utan at det vert brutalt eller vert tolka som ei avvising. Det handlar om å møte ein som er like nysgjerrig som meg, som gjerne pausar filmen for å finne ut kva den musikken er, og som må slå opp for å sjekke noko heller enn å krangle om det. Det handlar også om å vere raus, om å …
I september var eg på Storo og sjekka ut det nyopna kjøpesenteret, og i ein skobutikk fann eg dei perfekte danseskoa. Eg har alltid vore glad i sko frå Gabor, og der sto dei, perfekte, med raud såle, glatte og fine for å fungere på dansegolvet, og med ei lett stropp over vrista for å site godt på gjennom ein tango. Men finansane var elendige, så eg lot dei stå. I går var eg der igjen. Eg hadde ikkje gløymt skoa, men det var for usannsynleg at dei skulle ha dei att i min storleik. Fjortenåringen var tolmodig, og vart med meg for å sjå om dei sto der. To par hadde dei att, eit par i str. 37 og eit par i min storleik. Dei er like perfekte som dei var i september, og no syns eg at eg fortenar dei, for å ha venta så lenge. Eg drog kortet, og no er dei mine. Er dei ikkje flotte? Mine er ikkje semska, men i glatt skinn. Og med lysande raud såle, sjølvsagt. Lekkert!
Maria Mena syng det også fint, men for meg har gode, gamle Chris Rea laga min ultimate heim til jul-song. No køyrer vi frå Oslo og vestover, og det blir jul i heilt nye omgjevnader, heime hos familien til min kjære. Barna er saman med pappaen sin heime hos hans foreldre på Finnskogen, og har det kjempefint der. Vi hadde julaftan her på søndag, og vi traff med gåvene, virkar det som. Estée Lauder og Lego fall i smak. Vi vender nasa nedover att om kvelden andre juledag, og så kjem barna hit tredje juledag og blir her over nyttår. Eg kjem til å blogge gjennom jula, men i kveld, når vi køyrer avgarde, passar det å ynskje alle lesarane mine ei fredeleg og fin jul. Fortell dei du er glad i at du er det, og nyt alt det gode rundt deg, lys, mat, drikke og fine menneske.
LIVETS LYS Det kan tenkes at de døde møter dype ensomheter, enda større ensomheter enn de finnes på vår jord. Driften imot evigheten dør kan hende i de døde, og små øyeblikk i livet står som stjernelys for dem. Ikke livets store stunder tror jeg da en sjel vil savne, ikke det som slekter minnes av de dødes døde liv. Men små øyeblikk som lyser som en lys natts ene stjerne, – halvt usynlig er den døgnets dyre kjerne. Kanskje klare sommerkvelder som så lykkelig var like at de salig faller sammen blir det ene i ditt liv. Sommerkvelden. Veien flyter som en flod av fred i kornet. Du går hjem og du er ventet. Være ventet og gå hjem … Fantes det da noe bedre? Nei, i døden vil du minnes, hvis du minnes, – dette ene: Være ventet, – komme hjem. Kanskje noe godt på bordet viste at hun ventet på deg? Kanskje noen flere tanker ble til blomster ved din plass. Tenne lampen? Ja, vi ser jo … Jo, – i grunnen, – …
…og ein del av jobben er gjort, men ikkje alt. Gjestane kjem kl. 17, og då serverer eg fingermat i form av lakserullar med urtefyll, miniterter med mango- og løkkompott og minitoastar med hummus, persille og sylta sitronar. Det kan folk mumse på medan dei smakar på konjakken og. Etter at smakinga er over, serverer eg ei diger gryte med gulasj-suppe, med godt brød til. Eg har ikkje heilt bestemt meg for om eg skal bake focaccia eller om eg skal kjøpe på åpent bakeri. Til dessert skal eg lage bakt appelsin med honning, romrosiner og brente mandlar, og ein creme fraiche-krem til. Eg kjem tilbake med bilde og oppskrifter når det heile er over. Ha ein fin torsdag!
I helgane vert frukosten ofte sein (og lang) her i huset. Då er det godt med noko før frukost. I dag hadde eg liggande ein mango som var på veg til å bli overmoden, eitt par brune bananar og to appelsiner. Då lagde eg ei gul vitaminbombe som vart servert medan teen trakk og ferske rundstykke sto i omnen. Slik gjorde eg det: Gul smoothie 1 mango 2 appelsiner 2 bananar 6 dl kefir 2 ss honning Rens all frukta, og ha den i blender. Køyr den glatt medan du «sper» med kefir. Smak til med honning til slutt. Server i fine glas med sugerør.