All posts filed under: Lykke

Ein månad for seint, men likevel

Today I took a walk up the street And picked a flower and climbed the hill Above the lake And secret thoughts were said aloud We watched the faces in the clouds Until the clouds had blown away And were we ever somewhere else You know, it’s hard to say And I never saw blue like that before Across the sky Around the world You’ve given me all you have and more And no one else has ever shown me how To see the world the way I see it now Oh, I, I never saw blue like that I can’t believe a month ago I was alone, I didn’t know you I hadn’t seen or heard you’re name And even now, I’m so amazed It’s like a dream, It’s like a rainbow, it’s like the rain And somethings are the way they are And words just can’t explain Cause I never saw blue like that before Across the sky Around the world You’ve given me all you have and more And no one else …

Snart helg!

No er det vel like før helga byrjar, ikkje sant? Eg er iallfall klar for å slappe av i heimen fram til mandag. Denne helga blir roleg, i motsetnad til ein del av dei helgane elles denne hausten, der eg har sprunge frå det eine til det andre. Kanskje får eg nokolunde oversikt over julegåvene, og kan sette opp handleliste. Kanskje får eg lagd nokre julekort og dekorert nokre pakkelappar. Kanskje eg til og med får med meg dette: Oslo og omegn roseforening får besøk av Thomas Proll fra Tysklands ledende roseforedler, Kordes Roser. Vi får høre om nye Kordes-roser som er robuste og lettdyrkede og tilpasset norske forhold, blant annet roser fra Kordes’ nye serie med klatreroser, Fairytail-rosene med gammeldags sjarm, og Rigo-rosene som er spesielt robuste og lettstelte. Kordes har satset spesielt på sykdomsfrie roser. Kom og bli inspirert! Lørdag 27. november kl. 14.00 Biblioteket på Bekkestua (Gamle Ringeriksvei 44). Informasjon ved irene.k@getmail.no eller tlf 95826100 100 kr for medlemmer, 150 kr for ikke-medlemmer (men det går an å bli medlem på stedet). …

Gåveidéar

Eg fekk ei oppfordring om å samle gåveidéane eg har hatt i bloggen min på ei side. Det gjer eg gjerne. Her er nokre tips: Her er oppskrift på mine kjempegode rom-rosin-trøflar, og det praktiske urtesaltet. No får du kjøpt urter i butikken heile året, så det kan du også lage til jul. Kvart år lagar eg gløggekstrakt og whiskyappelsinmarmelade, dei oppskriftene finn du her. Ei anna gåve som ofte vert sett pris på er urteeddik og plommeeddik. Har du plommer (kjøp gjerne i butikken!) så kan du også lage denne krydra plommechutneyen. Å lage ein frisk limoncello med italiensk inspirasjon er mindre krevjande enn ein trur, og eg har også oppskrift på fleire andre typar gode likørar som passar fint å gi bort. Julemat til fuglane er ei fin gåve viss dei du skal gi til bur slik til at dei har hage eller balkong. Til dei som har peis eller kamin kan opptenningsrullar vere ei smart gåve, og så er det så og seie heilt gratis å lage dei. Vi må ikkje gløyme dei saltsylta sitronane! …

Sein fredag…

Eg er pinleg seint ute med fredagshelsinga mi, forrige veke vart den dessverre heilt borte. Slik går det når livet skyt fart, og ein flyt på ei deilig bølge. Eg har ikkje sett gullrekka på nesten to månader, det seier vel det meste. I dag er eg heime i sofaen med fjortenåringen, ho har to gongar presisert at ho hadde tilbod om å dra med venninner til byen, men at ho heller ville vere heime. Det er eg glad for. Vi har laga oss deilig ovnssteikt kylling med mandelpotetar og bakte tomatar, og nikosar oss med Beat for Beat. Fine damer! I morgon skal vi sjå og høyre ei anna fin dame, Sissel Kyrkjebø, saman med Unni Wilhelmsen. Eg ynskjer alle som stikk innom ei deilig helg, ta vare på dei du er glad i, og fortel dei det.

You bring me joy

You bring me joy When I’m down Oh, so much joy When I lose my way your love comes smiling on me I saw your face And them I knew We would be friends was so afraid but your arms, they’d say `come to me» So I’d say to you  «Can we talk for a while?» You’d say «alright» When you love me,I smile I feel you hands and you feel mine You bring me joy You bring me joy Don’t go too far away If I can’t see your face, I will remember that smile But can this be right  Or should we be friends I get lonely sometimes and I’m mixed up again «Cause you’re the finest thing I’ve seen in all my life You bring me joy My joy, my joy I believe this is gonna be what you want it to be I just love you, I just love you, can`t you see That you’re the best I’ve seen in all my life You bring me joy My joy . . …

Fin fredag og fin helg

Ja, korleis kan eg vite det på førehand? Eg føler det på meg. I kveld skal vi på den årlege middagen hos Jarle på Oslo spiseforretning, og i morgon spring vi frå det eine til det andre, og vi to vaksne endar opp på Gotan Project seint på kvelden. Det trur eg blir veldig bra. Eg ynskjer alle som stikk innom ein fin fredag og ei fin helg, ta vare på dei du er glad i og deg sjølv.

Kan det vere så enkelt?

Ho sat der og tenkte korleis ho skulle kome seg unna ved å forklare at det snart tomme glaset måtte fyllast opp. Han såg det ledige setet, eit kjent andlet på andre sida av bordet, og sette seg ved sidan av henne. Eg veit kven du er, sa han. Eg har lese det du har skrive. Du hadde så klare svar, svar eg har brukt seinare. Eg veit kven far din og søstra di er, sa ho. Eg kjenner att haka di, tenkte ho. Treng du noko i glaset, spurte han. Etter ein time hadde begge fortalt den andre ting dei ikkje hadde fortalt nokon før. Tilståingar, manglar, lyster og lengtar. Eg likar at du held rundt meg, sa ho. Han heldt fram med det. Kysset varte eviglenge. Kan det vere så enkelt, at det er du, spurte dei i munnen på kvarandre. Ja, det kan det, svarte dei. Eg eg er ikkje fri, sa ho. Gjer det du må, sa han. Eg ventar. Men eg vil du skal vere med meg. Nokre timar etterpå var ho …

Ei fin helg

Ja, det var det. Vi feira oss sjølve, og livet. Fredag kveld: Utsikta frå sofaen laurdag morgon: Frå båten: Den aller største brennmaneten nokon nokonsinne hadde sett… -Og så dansa vi til langt på natt. Nei, det har eg ingen bilde av.

Gratis nynorskmoro!

Nynorskordlista er lagt på nett i søkbar form, visste du det? Den er tilgjengeleg i gratisversjon berre ut året, men det inneber masse gratis nynorskmoro fram til over jul, iallfall. Nynorskordboka er gratis tilgjengeleg, og vil nok fortsette å vere det, men Nynorskordlista har eit fortrinn i og med at den spesifiserer alle bøyingsformer. Masse gratis nynorskmoro, altså!

Endeleg snart mandag?

Ja, akkurat no skulle eg faktisk ønske at det var mandag. Dokke veit, kjærleik får ein til å ønske seg andre ting enn ein trudde ein ønskte seg. Mandag er min kjæraste tilbake i Norge, og vi får tilbringe ein kveld saman. Så enkelt er det å bli lykkeleg. 🙂 Men det vert ei fin helg likevel. Kjære, den flotte mannen hennar og eg vender nasa mot sørlandet, og den fine lokalpuben Moringen i Kolbjørnsvik vert vår «hangaround-plass» denne helga. Hisøya, here we come! Eg ynskjer alle som er innom her i dag ei fin helg, ta vare på kvarandre, og fortel dei du er glad i at du er det.

Ein klem…

Er ikkje denne søt? Eg må langdistanseklemme kjæresten min mesteparten av denne veka, så difor trøystar eg meg sjølv med denne.

We belong together

…and the only angel who sees us now Watches through each other’s eyes And I can hear him In every footstep’s passing sigh He goes crazy these nights Watching heartbeats go by… And they wisper — We belong together We belong together

Oppned

Livet mitt er snudd på hovudet den siste veka. Etter lang tid med tåkeskyer og trist regn i sjela ser alt heilt annleis ut. Denne helga skal eg gjere heilt andre ting enn eg trudde forrige helg, eg, eller kanskje skal eg seie vi, må mellom anna ein tur til IKEA for å bytte ut ei vaklevoren seng (:rødme:). For første gong på lenge blir eg sett, begjært og nytt, og det er intenst gjensidig. Livet tek nokre underlege svingar av og til, og denne svingen er eg utruleg glad for. Eg er heime, han har kome heim til ein heim han ikkje visste han hadde. Eg smiler, og det gjer han og. Eg ynskjer alle som kjem innom ei fredeleg helg, med mykje latter og glede! Klem dei du er glad i, og nyt livet. Det skal iallfall eg gjere.

Baby, they’re playin» our song!

Den finaste dagen

I dag er det den finaste dagen. Det er roleg på jobb, eg vart ferdig med ein viktig milepæl i eit stort prosjekt i går, og dagen i dag går med til å fungere for sjefen, rydde opp og drikke fredagskaffe. Når eg kjem heim er eg åleine. Eg har hatt barna her i ti dagar, no drar dei til pappaen sin og det vert stille i huset. Eg elskar barna mine, men det er også deilig å ha tomt hus, at det berre er meg her. På toppen av det heile har vaskedama vore her, og alt er strøkent. Eg er så glad i vaskedama mi, ho gjer ein kjempejobb. Ho tek til og med ut av oppvaskmaskinen, og alt er reint og på plass når eg kjem heim. Slike damer er gull. I kveld skal eg ut og møte nye menneske eg ikkje har møtt før, ein heil gjeng, faktisk. Det blir spennande, ein smule skrekkblanda fryd, men mest glede, vonaleg. Eg ynskjer alle som stikk innom her i dag og i kveld …

Vi gjentek suksessen!

I morgon er det marknad i gården, og vi byr fram for sal bøker, kaker, kaffe, kjøkkentøy, sko, klede og masse stylingstasj. Ei av dei nyinnflytta damene i gården er nemleg stylist, så her blir det mogeleg å slå til på desse fine tinga du ser i Elle og kva dei no heiter, der det til dømes  står: Sjal: stylistens eget. Kom innom, og gjer ein god handel! Stad: Inngang frå Fayes gate 8/10 Tid: Laurdag 4. september kl. 12-16

Del godene!

Nei, dette har ikkje blitt ein politisk blogg, sjølv om eg kan kome med eitt og anna drypp. No handlar det om folk som er lidenskapeleg opptekne av eit eller anna, som parfyme, haging eller kva veit eg. Eg har nemleg oppdaga eit fellestrekk for slike menneske; dei likar å dele lidenskapen sin med andre. Og det gjer seg reint fysiske utslag, i form av Hemmelig Hagevenn-prosjekt, Secret santa eller The Scent Trail. Men det gjer seg også utslag i at når eg er i Paris så er det ei rein glede for meg å gå inn i Palais Royal og handle Bas de Soie og Tubereuse Criminelle til ByP. Det vart han så glad for at han har sendt meg ei miniskattkiste med småflasker! I skattkista fann eg: Serge Lutens: – Fumerie Turque – Borneo 1834 – Sarrasin – Tubereuse Criminelle Christian Dior: – Diorissimo EdT – Bois d’Argent Montale: Amber & Spices Prada: no. 3 Cuir Ambrée Guerlain: Vol de Nuit Parfum Caron: Nocturnes Atelier Cologne: Bois Blonds Gucci: Rush Byredo: Rose Noir …

På veg

Eg er på veg, ut i verda, inn i kjent og ukjent terreng. I dag er eg på ei øy på svenskekysten. Her er eg hos fine menneske som tok i mot meg i går kveld i regnet, med god mat, godt drikke og glad prat. Tre tenåringar sit med plirande blanke auge og høyrer på historier om kva foreldra fann på i ei ikkje altfor fjern fortid. I dag skal eg vidare til ei ny øy, der det skal stå bryllup i morgon. Før det skal eg innom Konsum og ta med meg det dei har av fin frukt og bær som eg kan pynte bryllupskaka med. Det vert nærare hundre gjestar, så denne gongen er den i tre etasjar, i storleik XL. Men frykt ikkje, brudgommen er sunnmøring, så tante M kjem med minst åtte kaker, kjenner eg henne rett. Brudeparet er songarar begge to, og det er ein god gjeng av gjestane og. Eg har fått utdelt notar til innmarsj og utmarsj, og eg vonar det vert høve til å øve undervegs …

Good news!

-For oss duftgale, altså. Heaven scent har endeleg fått på plass Parfumerie Generale i hyllene! Dei har inne 21 dufter frå hovudkolleksjonen, 10 frå the private collection og to limited editions i tillegg til seks ulike duftlys. Det kan ikkje bli lenge til eg tek ein ekskursjon dit i studieøyemed. Denne veka har dei sommarope frå 11 til 16, og neste veke tek damene ferie. I august er dei attende med normal opningstid; 11-18. Eg får sjå om eg avspaserer ein time eller to på fredag. Ville ikkje det passe bra?

Feriefredag

Denne lekre buketten lagde kjære tidlegare denne veka, og då ho tok ferie fekk eg den. Er den ikkje nydeleg? Når eg får blomar til fest er det fast rutine at eg ganske enkelt gir den til henne, og så arrangerer ho dei på lekraste vis. Eg lagar mat, ho ordnar med blomane. Grei arbeidsfordeling. Eg ynskjer alle som stikk innom ei fredeleg helg, og god ferie til dei som tek det no, eller er midt i den. Dersom feberen slepp taket er planen å reise til Arendal for å servere øl på Moringen. Sjåast vi der?