Livet, Lykke
Comments 3

Kan det vere så enkelt?


Ho sat der og tenkte korleis ho skulle kome seg unna ved å forklare at det snart tomme glaset måtte fyllast opp.

Han såg det ledige setet, eit kjent andlet på andre sida av bordet, og sette seg ved sidan av henne. Eg veit kven du er, sa han. Eg har lese det du har skrive. Du hadde så klare svar, svar eg har brukt seinare.

Eg veit kven far din og søstra di er, sa ho. Eg kjenner att haka di, tenkte ho. Treng du noko i glaset, spurte han.

Etter ein time hadde begge fortalt den andre ting dei ikkje hadde fortalt nokon før. Tilståingar, manglar, lyster og lengtar. Eg likar at du held rundt meg, sa ho. Han heldt fram med det.

Kysset varte eviglenge. Kan det vere så enkelt, at det er du, spurte dei i munnen på kvarandre. Ja, det kan det, svarte dei.

Eg eg er ikkje fri, sa ho. Gjer det du må, sa han. Eg ventar. Men eg vil du skal vere med meg.

Nokre timar etterpå var ho fri. Eg er så glad for at du er her, sa ho då han kom. Tenk viss eg hadde henta meg ny vin sjølv, før du kom, sa ho.  Tenk viss eg hadde sett meg ein annan plass, sa han. Eg hadde nok funne deg uansett, sa ho.

This entry was posted in: Livet, Lykke

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Ja, så enkelt er det noen ganger, og det er grøssefrydelig med de derre «tenk om»-ene som ikke ble.

    😀

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s