Kunst, Lykke, Musikk
Comments 2

Dame Emma


Vi var på konsert med Emma Kirkby i går på Caféteatret, og det var ei fantastisk oppleving.

Barokkanerne spelar på tidleginstrument, og har ein presisjon og eit foredrag som imponerer.

Lutenisten Elizabeth Kenny leier dei gjennom dei første verka i konserten med bravour. Eg har aldri sett nokon dirigere med nasetippen på den måten før, og det fungerte.

Dame Emma Kirkby debuterte i 1974, og er heilt uskolert som sangar. Ho byrja i kor, og prøvesong for mange lærarar og skular, som meinte ho hadde for veik stemme til å kunne bli til noko.

Ho var med å starte the Taverner Choir, og du ser på måten ho opptrer på scena på at ho først og fremst er ein medmusikant. Ho lyttar aktivt til det dei andre gjer når ho har «partiturfri», og er verkeleg ein levande del av ensemblet.

På repertoaret hennar står hovudsakleg renessanse- og barokkmusikk, og det var også tilfelle i går. Hovudbolken var musikk av John Dowland, ein komponist som ho nærast har spesialisert seg på. I tillegg framførte dei eit utdrag frå operaen Albion and Albanius av Louis Grabu (1665-1690), tre stykke av Giovanni Coprario og to av Thomas Campion.

Til slutt framførte dei ei tysk avdeling, med eit verk av Johann Rosenmüller (1619-1684), eit av Heinrich Biber (1644-1704 og til slutt gjorde Barokkanerne Brandenburgerkonsert nr. 6 åleine. Ekstranummeret var eit stykke av Dowland med Emma Kirkby.

Eg fekk høve til å veksle nokre ord med Emma Kirkby, og ho skrytte Barokkanerne opp i skyene. Ho elska å synge med dei fortalte ho, det var akkurat den forma for musikkformidling ho likte aller best, små intime konsertar med nær kontakt med publikum.

Vi hadde iallfall ein fantastisk kveld, bokstaveleg tala ved føtene hennar, vi fekk bord rett ved scenekanten. Har du tid i kveld, så sjekk om der er billettar att, og ta toget til Gjøvik.

This entry was posted in: Kunst, Lykke, Musikk

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Og i dag er min operasangerinnevenninne Maria B på masterclass med samme dama, i tigerstaden… Der skulle du også befunnet deg, tenker jeg 😉

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s