Når kvelden kjem, og den eine har spist sushi og den andre har spist pølse med brød til middag, då treng ein noko lite som mettar og smakar godt.
På eit eller anna tidspunkt vart eg klar over at eg hadde mykje kjeks og slikt liggande i skuffene. Då gjeld det å finne ein måte å spise det opp på. Eg lagde ein smakfull ostekrem, som kan spisast både på kjeks og som dip.
Eg brukte soltørka tomatar som har lege i olje. Viss du har tørre bør du legge dei i kokande vatn ei stund, elles blir dei som tyggegummi i ostekremen. Slik gjorde eg det:
Ostekrem med soltørka tomatar
200 g kremost naturell
4 ss hakka, soltørka tomatar
2 fedd kvitløk
2 ss yoghurt naturell
2 ts herbes de provence
Nykverna peppar og salt
Litt sitronsaft
Ha halvparten av osten, yoghurt og kvitløk i ei matmølle. Køyr det glatt. Ha i provence-krydder, peppar og halvparten av dei soltørka tomatane og la det køyre litt til.
Ha kremen over i ein bolle, og rør inn resten av kremosten og tomatane. Eg gjer dette for at tomatane skal beholde litt struktur, og fordi viss all kremosten går i matmølla blir ostekremen litt blaut.
Smak til med salt og sitronsaft, og still ostekremen kaldt ei stund før servering. Ostekremen er god på kjeks, med stangselleri, paprika eller gulrotstenger. Server med ein kopp god te eller eit glas vin.