Hvitt kjøtt: kylling og kalkun, Middag, Sausar og dippar
Leave a Comment

Kylling med eplesaus

Eg fann nokre flotte, økologiske kyllingbryst i butikken her om dagen, som fekk vere med heim.

Det enklaste er ofte det beste, og desse kyllingbrysta fekk ganske enkelt salt og peppar på seg, og så nokre minutt med skinnsida ned og nokre minutt på “vranga”. Så kvilte dei medan eg ordna grønsakene og sausen.

Sausen er av også av det enkle slaget, inspirert av kollegaen min, som har eit enormt aroma-epletre i hagen. Han tek med bæreposar med gode eple på jobb, og vi eplehagelause får ta med heim så mykje vi treng.

Eg reiv eplet, blanda det med litt sitronsaft og finhakka løk, og blanda det heile i 50/50 kremost naturell og lettrømme. Grønsakene er snitta i julienne-stil. Slik gjorde eg det:

Kylling med eplesaus

150 g kyllingbryst per person

Smør til steiking

Salt og peppar

Eplesaus:

Eit stort aromaeple

Ein halv løk eller ein sjalottløk om du har

4 ss kremost naturell

4 ss lettrømme eller kesam

2 ts sitronsaft

1 ts honning

Salt og peppar

Grønsaker:

To gulrøtter

To pastinakkar

Ein raud løk

Ein fenikkel

Ein skvett eplesider, juice eller kvitvin

Salt og peppar

Snitt alle grønsakene fint. Legg til side.

Salte og pepre kyllingbrysta raust. Varm opp smør i ei steikepanne, og legg i kyllingbrysta. La dei steike til dei er pent brune. Snu dei, og skru ned varmen litt slik at dei får ligge og bli gjennomsteikte.

Riv eplet og finhakk løken. Rør saman kremost, sitronsaft, rømme, eple og løk. Smak til med honning, salt og peppar. Sett til side.

Smelt litt meir smør i ei vid panne. Ha i grønsakene, og surr dei møre medan du rører forsiktig i dei. Slå på litt eplecider, juice eller kvitvin, og la det koke inn.

Skjer kyllingfiletane i tynne skiver, og server med grønsaker og eplesaus. Du kan også ha poteter eller ris i tillegg.

Leave a Reply