Bokprosjekt, Lykke, Musikk
Comments 4

Ein heilt alminneleg torsdag


Ingenting spesielt skulle skje, bortsett frå at forlaget som har utgitt boka mi inviterte til pølsefest.

Trettenåringen hadde ingenting å finne på, så han blei ganske enkelt med. Han fekk flaxlodd som han vann på i bursdagsgåve, og då kunne vi samstundes hente ut gevinsten i ein kiosk, det må ein vaksen gjere. To fluger i ein smekk, så og seie.

Han var nok skeptisk til å bli med på fest, men samarbeidsvillig som han er vart han med likevel. Ikkje før hadde vi kome innfor døra før vi møtte kjende fjes. Og det aller kjendaste var Odd Nordstoga, som sto i ei krå og prata med nokon. Ei ekte kjendisoppleving, altså. Kvelden var redda.

Vi henta drikke, og gjekk for å finne pølsene, som var førsteklasses pølser frå Strøm-Larsen i alle fasongar og variantar med godt tilbehør. I sofakroken der vi sette oss var det plass til ein til, og plutseleg kom musikanten og sette seg der! Dermed fekk trettenåringen slå av ein prat med helten sin som han har lytta til heilt sidan Grisen står og hyler.

Men det var meir i vente. Vi forsto at det snart ville bli ei framføring. Alle kjenner sikkert til at Vaffelhjarte av Maria Parr har blitt ein nydeleg tv-serie. Når eg har snakka om boka mi utover hausten har eg ofte reist saman med Samlaget-folk, og då har dei vist ein rørande intro til Vaffelhjarte som viser Runde, Rovde og ikkje minst presenterer den nydelege musikken til Odd Nordstoga.

Framføringa var ganske enkelt at Odd Nordstoga spelte songar frå serien, og at Maria Parr las frå Vaffelhjarte. Ho skriv så enkelt, flytande og fritt.

For oss er også dialekten nær, sidan eg kjem frå nabokommunen til Maria.

Samspelet mellom dei to var så fint, og det var tydeleg at begge to sette stor pris på den andres inspirasjon.

Vi sette også stor pris på den fine framføringa, og trettenåringen angra ikkje at han hadde blitt med mamma på fest.

Når han i tillegg fekk «meldareksemplar» av serien til Robert Muchamore; Kokainkongen, Flukta og Rekrutten så var det ein lykkeleg gut som tok trikken heim saman med mammaen sin.

Fin fest!

This entry was posted in: Bokprosjekt, Lykke, Musikk

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Bente says

    Enig med Augusta. Noen trettenåringer er helt klart mer heldig enn andre! 🙂

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s