Sjølv om jula nærmar seg så treng ein normal laurdagsmat likevel, ikkje sant?
I kveld vert det pizzasnurrar på bordet her hos oss, det er enkel og lettvint laurdagsmat. Eg set ofte pizzadeigen i brødbakemaskina, då står den og passar seg sjølv, og eg slepp å tenke meir på den før det pip og den er ferdig heva. Men viss du ikkje har brødbakemaskin kan du gjere det slik:
Pizzasnurrar (12 stk)
2,5 dl lunka vatn
2 ss olivenolje
1 ts salt
Mjøl til passe deig
1 ts tørrgjær
100 g bacon
1 ts tørka oregano
2 fedd kvitløk
2 ss grøn pesto
Ein halv løk
200 g riven ost
Ha vatnet, oljen og salt i bakebollen. Elt inn tørrgjæra saman med mjøl til deigen er passe laus og passe fast. Hald tilbake litt mjøl, det varierer kor mykje som trengst. La deigen heve i 30 minutt. Elt deigen saman att, og kjevl den ut til eit stort rektangel.
Steik bacon på relativt høg varme i ei steikepanne. Press i kvitløken, og ha i oregano. Sett til side.
Smør på pesto, og og strø over bacon, finsnitta løk og mesteparten av osten. Rull leiven forsiktig saman til ei lang pølse. Skjer den i 2 cm tjukke skiver og legg dei i muffinsformer. Dryss på resten av osten. La dei etterheve i 20-25 minutt.
Steik snurrane i 15 minutt på 210 grader. Du kan kaldheve snurrane viss det gjer livet ditt enklare, då lagar du deigen med kald væske, og let den heve kjøleg over natta. Så kan du gå rett på utrulling og steiking i middagstida.