Eg legg jo vanlegvis ut eit innlegg kvar dag, men i dag har alt stått på hovudet her.
Vi har hatt den store pepparkakedagen, tre hus er bygd, hjarte med dropsvindu og masse, masse småkaker.
Eg satsar på at eg får andre til å pynte dei, men å pynte huset må eg nok ta ansvar for sjølv. Eg postar bilde når det er ferdig. Bildet du ser ved sidan av er faktisk to år gamalt.
To av husa reiste med fine kusinene, og skal pyntast der, eit lite og eit stort. Ha ein fin søndagskveld!