Denne fiskesuppa er fyldig og god, og eg lagar den når eg har grønsaker i kjøleskapet som må spisast opp.
Denne gongen var det bønner og bladpersille som var “til overs”, i tillegg til ei persillerot. Både grønsaker og fisk kan varierast. Det som er felles er ein base av fiskekraft og fløte eller rømme. I USA vert denne suppa eller gryta kalla ein chowder, ei mjølkebasert gryte med fisk eller skaldyr og ulike grønsaker og urter.
Husk på at viss du har reker i gryta bør du ikkje varme den opp fleire gongar. Rekene vert harde og ikkje så gode når dei vert varma opp for mykje. Slik lagar du den:
1 løk
1 purreløk
1 persillerot, pastinakk eller sellerirot
2 selleristilkar
150 g brekkbønner eller sukkererter
2 gulrøtter
5 dl fiskekraft
5 dl heilmjølk
1 dl seterrømme
1 ts tørka eller frisk dill
2 ss fersk bladpersille
300 g fiskefilet, eg brukte torsk
150 g rensa reker
Salt og peppar
2 ss smør
Rens og del opp alle grønsakene i passe store bitar. Smelt smøret i ei vid gryte på middels varme. Surr løk, gulrot, stangselleri og persillerot i smøret til løken har blitt blank. Slå på kraft og mjølk. La det koke til grønsakene er møre.
Ha i bønner, rømme, dill og bladpersille. Rør godt. Kutt fiskefileten i bitar og ha dei i suppa. La det koke i eitt par minutt. Smak til med salt og peppar. Vil du har reker i, så ha dei i heilt til slutt.
Server med godt brød. 🙂
Mm, denne så god ut!
Greit me definisjonen på chowder, har aldri tatt meg bryet med å finne ut hva nøyaktig det var, til tross for at jeg har vært borti det flere ganger…